På tolv år har talet på barnearbeidarar i verda blitt redusert med ein tredel, viser ny rapport. Det er ikkje fort nok, åtvarar FN.

mm
Faktaboks

Dette er tusenårsmåla til FN:

1. Utrydda ekstrem fattigdom og svolt
2. Sikra utdanning for alle
3. Styrkja stillinga til kvinner
4. Redusera barnedødelegheita
5. Redusera svangerskapsrelatert dødelegheit
6. Stoppa spreiing av hiv/aids, malaria og andre dødelege sjukdommar
7. Sikra bærekraftig utvikling for miljøet
8. Byggja ein global partnarskap for utvikling

Les meir om delmåla hjå FN-sambdet og FN (engelsk)

LES FAKTALUKK FAKTA

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO slår fast i ny rapport at talet born som må bruka ein stor del av barndomen på arbeid har gått markert ned det siste tiåret.

I 2012 var det 168 millionar barnearbeidarar i verda. Det er ein kraftig nedgang sidan 2000, då det tilsvarande talet var 246 millionar. Nedgangen gjeld alle delar av verda og den positive trenden er ikkje broten av finanskrisa frå 2008.

Nedgangen er størst blant jenter, der nedgangen er 40 prosent.

LES OGSÅ: Barnearbeid i OL-fabrikkar

– Ikkje fort nok
Det er eit omfattande internasjonalt arbeid for å avskaffa barnearbeid. Mange land har slutta seg til internasjonale avtalar og innført nasjonale lover.

Verda har sett som mål å gjera slutt på dei verste og farlegaste formene for barnearbeid innan 2016. Med dagens tempo ligg me ikkje an til å nå det målet, ifølgje generaldirektør Guy Ryder i FN-organet ILO.

– Om me meiner alvor med å gjera slutt på barnearbeid i overskodeleg framtid, treng me ein betydeleg opptrapping på alle plan, seier Ryder i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Norske klesprisar halvert på ti år

Verst i Afrika
Ifølgje rapporten er 11 prosent av borna i verda i alderen 7 til 17 år involvert i barnearbeid, mot 16 prosent i 2000. Verst er situasjonen i Afrika sør for Sahara, der 21 prosent av borna arbeider. Men òg her er det store framsteg og både hyppigheita av barnearbeid og det faktiske talet på barn som må arbeida har gått betydeleg ned.

Størst nedgang er det i Asia og stillehavsregionen, der talet på barnearbeidarar gjekk ned frå 114 millionar i 2008 til 78 millionar i 2012.

Tala i rapporten baserer seg på nasjonale studium av hushald i 53 ulike land i perioden 2008 til 2013. Born som driv lett arbeid, betalt eller ubetalt, nokre timar i veka er ikkje inkludert i tala. Det er berre meir omfattande og slitsamt arbeid som er omfatta.

Rapporten viser at fleirtalet av verdas barnearbeidarar arbeider i landbruk og servicesektoren. Ein firedel er tilsett i lønna arbeid, medan to tredelar er ulønna deltakarar i familieøkonomien.

LES OGSÅ: Fleire born overleverer: – Viser at bistand verkar

Sosialhjelp og utdanning
Uavhengig av land, er det ofte born frå dei fattigaste familiane som må arbeide.

Ifølgje ILO er investering i utdanning og sosiale hjelpeordningar viktig for at fleire born skal sleppa å jobba.

Økonomiprofessor Kalle Moene ved Universitetet i Oslo seier til Forskning.no at det verste med barnearbeid ikkje er arbeidet i seg sjølv, men at det går ut over skulegangen og helsa til borna.

– Det kan fort bli ei fattigdomsfelle, seier Moene til Forskning.no.

Eit av tusenårsmåla til FN er at alle born skal fullføra grunnskulen. Men mange land ligg langt etter. I 2011 var det berre ein tredjedel av borna i Mosambik som fullførte fem års skulegang.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE