Politisk fleirtal for å kutte post på laurdagar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kuttar post på laurdagar

Då Stortinget i juni i fjor diskuterte posttenestene i landet var det fleirtal for å halde på postlevering seks dagar i veka. No er både Kristeleg Folkeparti, Høgre og Frp klare på at det held med postlevering fem dagar i veka så lenge aviser vert leverte seks dagar, skriv Nationen.

Dermed er det politisk fleirtal for å kutte brevpost på laurdag, slik også Posten Noreg har føreslege.

LES OGSÅ: Laurdagsposten viktig i distrikta

– Mengda brev som vert sendt i Noreg har falle med 40 prosent sidan 2000 som følgje av digitaliseringa, og vi ventar at brevmengda vil falle endå meir i åra framover. For å effektivisere og tilpasse oss utviklinga, ynskjer vi å gå frå seks til fem dagars postomdeling i veka, og berre distribuere aviser på laurdagar, seier konserndirektør Elisabeth Gjølme i Posten Noreg.

Posten kan ifølgje eigne overslag spare mellom 300 og 400 millionar kroner årleg på å kutte levering av brev på laurdagar. (©NPK)