Mot openheita – og forbi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommarens avsløringar om omfanget av amerikanske National Security Agency (NSA) sin kapasitet til å halda oss alle under oppsikt, godt hjulpe av selskap som Microsoft og Google, har skapt global debatt om kor mykje overvaking av privatlivet me skal finna oss i.

Her heime trer det berykta Datalagringsdirektivet (DLD) etter planen i kraft 1. januar 2015. Det har konsekvensar for fleire av dei mest grunnleggjande prinsippa samfunnet vårt er tufta på. Gjennom DLD vert teleoperatørane pålagde å lagra informasjon om all vår bruk av telefon, e-post og internett. Opplysingar om kven du har kommunisert med, kvar du var då du gjorde det, kor lenge det pågjekk – alt dette vert liggjande i eit enormt hav av informasjon i seks månader.

Då studentane ved TV-linja på Høgskolen i Lillehammer i fjor vinter skulle velja tema for eksamensfilmane sine, valde ei gruppe nettopp DLD, fordi dei meiner for mange av oss veit for lite om direktivet.

I dokumentaren Datalagringsdirektivet tek dei for seg både korleis persondata vert nytta i dag, korleis dette vil endra seg når DLD vert innført og kva konsekvensar dette har for prinsippa samfunnet vårt er tufta på. Nyleg inngjekk dei avtale med NRK om TV-visning av filmen i løpet av hausten.

I førre veke presenterte regissørane, Sunniva Sundby og Finn Walther, filmen på Oslo dokumentarkino på Parkteatret. Etter visninga stilte to av dei medverkande i filmen, advokat Jon Wessel-Aas og filosof og forfattar Joakim Hammerlin, til diskusjon.

Dei som støttar DLD representerer ofte politiet, tryggingstenestene – eller våre to største politiske parti: Det var folkevalde frå Arbeidarpartiet og Høgre som etter mykje debatt fekk trumfa direktivet gjennom i Stortinget.

Det er fullt mogleg å forstå styresmaktene sitt ynskje om å innføra DLD. Ifølgje kontraktsteori, som stod sentralt i tenkjinga til mellom andre Thomas Hobbes, overgjev me, borgarane, ein del av vår fridom til staten for at han skal kunna ivareta tryggleiken vår. Det er vårt behov for vern som legitimerer statleg maktutøving. Då er det naturleg at dei som har ansvaret for samfunnstryggleiken ynskjer å følgja med i den teknologiske utviklinga, slik at dei kan sikra seg best mogleg tilgang på informasjon for mest mogleg effektivt å kunna kjempa mot terror og grov kriminalitet. I dette perspektivet kan det endåtil verka rasjonelt for oss å gje frå oss litt fleire personopplysingar, litt meir fridom, i byte mot litt meir tryggleik. Er det så farleg kva staten veit då, for det store fleirtalet av oss, som ikkje gjer noko gale?

På den andre sida, korleis veit me at det kun er den informasjonen som ifølgje DLD skal lagrast, som faktisk vert det? Faren for illegitim informasjonsinnsamling, planting av falsk informasjon og misbruk av opplysingane gjennom vidareformidling til uvedkomande dersom ein først opnar denne døra på gløtt, er gode argument mot direktivet.

At me faktisk får meir tryggleik for fridomen vår er nemleg heller ikkje gjeve. I 2011 melde den norske utgåva av Le Monde diplomatique at førekomsten av kriminalitet slett ikkje hadde gått ned i dei europeiske statane som alt hadde innført DLD, og dessutan at oppklåringsprosenten ikkje hadde vorte høgare. Truleg finn dei som faktisk har noko å skjula vegar rundt den overvakinga dei veit at skjer. Allereie i 2010 uttalte Torgeir Waterhouse i IKT-Norge til Aftenposten at det er ei smal sak å skaffa ei falsk IP-adresse. Dessutan er det stadig mogleg å omdirigera kommunikasjonen sin utanfor direktivets rekkjevidde – folk møtest framleis andlet til andlet innimellom.
Og uansett – er det greitt at staten systematisk samlar informasjon for i framtida å kunna fella eller frifinna kvar og ein av oss for framtidige lovbrot? Som advokat Wessel-Aas påpeikte under debatten på Parkteatret, bryt dette med prinsippet om at bevissikring skal skje mot personar som faktisk er mistenkte for å ha gjort noko gale – og dermed utgjer det eit trugsmål mot rettsstaten.

Ein føresetnad for samfunnsmodellen me har gjeve staten i oppgåve å verna om – det liberale demokratiet – er nettopp at borgarane har ein del rettar og fridomar. Det er me som skal kontrollera staten, ikkje omvend, og då er retten til å ytra seg kritisk avgjerande. Gjev me frå oss for mykje makt kan staten i seg sjølv verta eit trugsmål mot tryggleiken vår.

Oslo dokumentarkino lukkast ikkje i å få nokon som faktisk forsvarar DLD til å delta i debatten på Parkteatert. Imidlertid synte dei eit intervju med Torbjörn Tännsjö, professor i filosofi ved Stockholms universitet. Tännsjö var sjølv lenge kritisk til både DLD og resten av overvakinga i samfunnet. No har han imidlertid gjort heilomvending. Han har kome til at overvakinga vert me ikkje kvitt, og meiner at det me eigentleg bør satsa på er enno meir av ho. Han trur me kan venda oss til – og til og med vera lukkelegare i – eit fullstendig gjennomsiktig samfunn, eit krystallpalass, der ingen korkje kan eller treng ha løyndomar. For problemet, slik Tännsjö ser det, er ikkje overvakinga i seg sjølv, men det hemmelege rundt ho: storebror ser oss, men me ser ikkje han. Difor meiner han at me bør bruka energien vår på å krevja at staten skal vera open om korleis han overvakar oss, heller enn å kjempa for at han skal slutta med det.

Om standpunktet til Tennsjö er eit teikn på total resignasjon eller ukueleg framtidsoptimisme kan diskuterast. Eg hellar mot det første. At overvakingssamfunnet er kome for å bli har han nok rett i, og som NSA-avsløringane syner, er det av global karakter. Då kan ein gjerne spørja seg om det er verd å bruka tid og krefter på å kjempa mot eit direktiv om lagring av kommunikasjonsdata akkurat her på vår vesle norske stripe av land.

Datalagringsdirektivet veit me om ikkje anna om, det er den hemmelege overvakinga som er den mest effektive, og samstundes den mest problematiske. Men at statane gjev frå seg forspranget han har på oss og blir med inn i Tännsjös krystallpalass synest utopisk, og jo meir informasjon som finst om oss der ute, jo større vert faren for misbruk. Kor langt kan statar gå i samfunnstryggleikens namn, før tryggingstiltaka i seg sjølve vert eit trugsmål mot dei frie, demokratiske samfunna dei er meint å verna om? Mykje tyder på at grensa for lengst er overskriden.

Les essayet i Universitas!