Livet etter kommunereformen

Betre eller dårlegare tenester? Meir eller mindre demokrati? Avfolking? Det er ikkje semje om kva konsekvensane av kommunereformen vil bli.

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mytane om kommunane

Fredag varsla dei fire borgarlege partileiarane at dei vil gjennomføre ein omfattande kommunereform, som vil innebere kommunesamanslåingar. På pressekonferansen understreka Erna Solberg at færre kommunar ikkje er eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å sikre betre tenester og lokalsamfunn som fungerer betre for innbyggjarane. Samstundes som dei meiner dette vil styrkje det lokale sjølvstyret og flytte makt nærare innbyggjarane. Partileiarane sa ingenting om kor mange kommunar dei ser for seg, men tidligare har det vore spekulert i ei framtid med om lag 100 kommune i Noreg.

Men kva vil kommunesamanslåingane innebere? Korleis kjem vi til å merke det?

Framtida har tala med Høgremann og ordførar i ein av Noregs minste kommunar, Ole Gunnar Krakhellen, professor Bjarne Jensen som meiner det er ei myte at vi har for mange kommunar, og tidligare FpU-leiar Ove Vanebo som meiner samanslåingar vil ha mange positive effektar sjølv om det ikkje er spesielt mykje pengar å spare.

Rar reform
– Dette vil vera ein kjempereform. Om ein også fjerna fylkeskommunen vert det den største reforma på området sidan vi fekk lokalt sjølvstyre med Formannskapslovene i 1837, seier professor i forvaltningsøkonomi ved Høgskolen i Hedmark, Bjarne Jensen. Han er kritisk til reforma og meiner det finst mange myter i ordskifta om norske kommunar.

– Ei myte er av vi har spesielt små kommunar. Det stemmer ikkje. I europeisk samanheng er kommunane mellomstore når det kjem til folketal og store når det kjem til areal. Det er også ei myte at det er mykje pengar å spare.

Etter kommunereforma i Danmark auka tvert i mot utgiftene. Skal ein spare på tenestesida i små kommunar må ein også sentralisere befolkninga, og når det kjem til administrasjon er det meir byråkrati i større organisasjonar.

Korleis vil vi merke ein slik reform?
– Det viktigaste vert jo for arbeidstakarane, som får ein overgangsperiode med mykje uro og usikkerheit. På lang sikt vil det vera mest negativt for små kommunar, då dette openbart vil endre busetjingsmønsteret. Vi kan få ein kaotisk situasjon, for spørsmålet er ikkje utgreia enno, berre tala om. Eg meiner det vert ein rar reform, så mykje ståk og styr, for å oppnå så lite.

LES OGSÅ: Små kommunar seier nei til å bli større

Usikker velferd
At det er lite å spare på kommunesamanslåingar er også tidligare FpU-leiar Ove Vanebo samd i. I fjor utarbeida han ein rapport for tankesmia Civita, om nett konsekvensane av større kommunar.

– Det vil neppe vera mange milliardar å spare, sjølv om ein fjernar ei grense, endrar ikkje det strukturar og talet på tilsette. Men ein vil mogelegvis spare noko på administrasjon.

Han meiner det sterkaste argumentet for kommunesamanslåingar, er betre velferd.

– I små kommunar er det gjerne oppdelte stillingar. Med samanslåingar vert rettstryggleiken betre innan til dømes barnevern, noko også innbyggjarane vil merke. Ein vil kanskje også merke at fagmiljøa vert større. Og vi treng sterkare fagmiljø, mellom anna for å møte utfordringa med ei stadig eldre befolkning.

Bjarne Jensen meiner derimot betre tenester med kommunesamanslåingar er ei myte.

 – Folk i små kommunar er mykje meir fornøgd med dei kommunale tenestene. Spesielt innan pleie og omsorg der folk i store kommunar er direkte misfornøgd, medan folk i små kommunar er fornøgde. Årsaka er at det er nærare kontakt med brukarane og dei som utfører tenestene. I desse undersøkingane er det korrigert for mellom anna småkommunetillegga.

Vanebo meiner derimot det at folk i småkommunane er nøgde, ikkje handlar om storleiken.

– Dette handlar om at dei små kommunane bruker forholdsmessig meir pengar. Til dømes med overdekning av slik som legar, for ein har gjerne ei full legestilling sjølv om folketalet ikkje skulle tilseie det. Dei små kommunane kan bruke meir, både på grunn av småkommunetilskot og løyvingar alle kommunane får. Så kan det ha samanheng med at fleire eldre og gifte bur i dei små kommunane, og statisk sett er meir nøgde. Til sist er det ein del problem knytt til større stader, spesielt byar – som større problem med rus og psykiatri.

LES OGSÅ: 265 kommunar diskuterer samanslåing

Demokratiet
Vanebo meiner ein kommunereform heller ikkje vil gå utover demokratiet.

– Forsking syner at det er små forskjellar i faktisk innverknad i små og store kommune. Det er tvert i mot slik at det kan vera vanskeleg å etablere seg politisk i dei minste kommunane, særleg for kvinner og minoritetar.

Han meiner også dagens interkommunale samarbeid kan vera problematiske, med at folkevalde mistar makt. I tillegg til at dei kan ha styringsproblem og vera lite lønnsame.

Jensen meiner derimot kommunesamanslåingar vil svekke den demokratiske styringa.

– Vi vil få færre politikarar i forhold til folketalet. I dag har vi om lag 11-12.000 folkevalde, med kommunesamanslåingar vil vi få under halvparten.

LES OGSÅ: Yngstemann mot straumen

2 timar til neste sentrum
Ole Gunnar Krakhellen er Høgre-ordførar i øy-kommuna Solund i Sogn og Fjordane, som med sine 842 innbyggjarar er ein av Noreg minste kommunar målt i folketal.

– Ein kommunereform vil for det fyrste ta for seg kva oppgåve kommunane skal gjere i framtida og korleis dette best teneleg kan gjeras, eventuell samanslåing vert neste steg. Ein må også ha i bakhovudet at kommunane ikkje er like. Vi er til dømes ein øy-kommune, der det er nesten to timar reise med både bil og båt til neste kommunesentrum, seier han til Framtida.no. Og peikar på at det også kan vera tenkjeleg at små kommune med så særeigne utfordringar vil kunne oppretthaldast, også etter ein reform.

Fryktar du ei eventuell kommunesamanslåing?
– For meg er det viktigaste at innbyggarane i Solund får best mogeleg tenester, då er kanskje ikkje kommunegrensene avgjerande. Men vi er ein eigen bu-, arbeids-, og service-region, og det må vi vera også i framtida. Noko er uansett nøydd til å vera hjå oss; som skule, barnehage, sjukeheim og lege. Men klart kommuneadministrasjonen gjev oss viktige kompetansearbeidsplassar. Uansett må vi vera med på prosessen og styre som mykje som mogeleg av den, avsluttar ordføraren.