Vi som har veldig lyst til å bli tatt skikkelig alvorlig

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: – Ryktet vårt er øydelagt

Nylig blei utanlandske journalistar i Norge kalla inn til pressekonferanse på grunn av all den negative omtalen av Norge i internasjonale aviser den siste tida. Bodskapen i pressekonferansen var at det har blitt skapt eit heilt skeivt bilde av Norge. Og at denne tendensiøse og feilaktige omtalen utvilsamt har skada Norges omdømme.

Bakgrunnen for innkallinga og pressekonferansen er sjølvsagt den massive internasjonale omtalen av tullesongen «The Fox» med komiduoen Ylvis. Videoen og songen har slått stort an internasjonalt, har hamna på hitlistene i USA, og nylig var Ylvis gjester i eit stort amerikansk talk show.

– Det er på tide no å seie frå om at vi ikkje lenger vil finne oss i denne konstante koblinga mellom norsk kultur og fjasete songar om rev, seier ein talsperson for grupperinga som kalla inn til pressekonferansen, ei gruppering sett saman av folk som har veldig lyst til å bli tatt skikkelig alvorlig.

– På grunn av det voldsomme fokuset på «The Fox» i utlandet, har det blitt teikna eit bilde av Norge som eit tullete land der folk tek på seg dyrekostyme og hoppar rundt i skogen og seier ting som «Ding-ding-ding-ding-dingedingeding» og i ekstreme tilfelle «Hatti hatti hatti ho». Dette stemmer ikkje. Det stemmer ikkje i det heile tatt. Norge er ikkje eit tullete land.

Talspersonen ramsar så opp ei rekke eksempel på at Norge ikkje er eit tullete land: Jan Tore Sanner, Kyrre Nakkim, Siv Jensen, fjell, Martin Kolberg, Mari Boine, Askim.

– Slik kunne vi halde på i timevis, seier talspersonen. – Elsk oss eller hat oss, men gjer det av dei rette grunnane. Folk flest i Norge er faktisk ikkje opptatte av kva reven seier. Folk flest er opptatte av heilt andre ting. For eksempel regjeringssonderingar, Mesterligaen, veret og ho nye i Nytt på nytt.

Grupperinga er også opptatt av å få fram at norsk musikk er mykje meir og noko heilt anna enn denne eine songen.

– Det aller meste av norsk musikk er ikkje tøysete og handlar svært sjeldan om dyrelydar, seier talspersonen og speler eit utdrag frå det heilt ferske albumet til Anne Grete Preus for å understreke alvoret i situasjonen.

– Men stemmer det ikkje at Ylvis er norske og at dei har laga ein song om reven? spør ein belgisk bloggar, svært fornøgd med seg sjølv. – Så vi har jo ikkje skrive noko som er feil.

Talspersonen sukkar tungt og gjentek at hovudproblemet er at norsk musikk er så mykje meir enn humor og hopping i skogen.

– Den mest populære musikken i Norge er faktisk skikkelig kjedelig, understrekar talspersonen. – Det kan eg ikkje sjå at det blir skrive altfor mykje om i utanlandske aviser. 

Det spørst nok om bodskapen vil nå fram til internasjonale journalistar og medføre meir nyansert omtale av Norge i framtida. Med unnatak av den belgiske bloggaren, var det nemlig nesten berre norske journalistar som møtte opp til pressekonferansen. Overraskande nok viser det seg nemlig at norske journalistar er mykje meir opptatte av kva utanlandske journalistar skriv om Norge, enn utanlandske journalistar er.

Men vi norske journalistar som var der snakka med fleire av dei andre norske journalistane som var der, og spurde dei kva dei tenkte om dei utanlandske journalistane. Dei fleste svarte at dei utanlandske journalistane må få lov til å skrive det dei vil og at den norske reaksjonen er typisk og hårsår. På spørsmål om kvifor dei norske journalistane meiner dette, så svarte dei fleste: Alternativet er å vere uenig med kollegaer, og det har eg aldri prøvd før, så det veit eg rett og slett ikkje korleis ein gjer.

Så gjekk alle kvar til sitt. Eller til Dagsnytt Atten. Eg hugsar ikkje heilt.


Først publisert i Aftenposten 21. september.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Høyr kva reven eigentleg seier her!