– Forteljingar endrar verda

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har eit arbeid fylt med rørande historier og stor glede, men òg trugsmål og undring. Dei har reist rundt i dei samiske områda i fleire år, i avstandar som tilsvarer omkrinsen på jorda. Alt for å samle desse livshistoriene til samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

– For mange var det første gong dei prata om det skeive og det samiske på same tidspunkt. Prosjektet og intervjua blei det som gjorde at det samiske og det skeive kunne høyre saman, få plass i same kropp og same liv, seier Elfrida Bergmann.

Banebrytande bok og utsilling
No er resultatet av arbeidet klart. Denne veka har boka Queering Sápmi – samiska berättelser bortanför normen blitt lansertpå heile fem språk. Norsk, svensk, finsk og nord- og sør-samisk. Samstundes vil den første utstillinga synast fram i Umeå.

– Det fanst ikkje så mykje om dei skeive i det samiske frå før, berre ein einaste liten film på Youtube. Det har aldri tidlegare blitt gjort eit liknande prosjekt om det skeive i Sápmi. Vi har til og med fått høyre frå ein mann som tilhøyrer eit kanadisk urfolk at dette prosjektet er unikt i heile verda. Aldri tidlegare har urfolk som er skeive fått fortelje sine livshistorier på det her viset.

– Eg veit ikkje om det er sant, men tanken er svimlande, seier ho.

LES OGSÅ: Vil ha faktisk likestilling for samisk

Den samiske stilla
Det var denne stilla som sette i gong prosjektet. Då Sara og Elfrida starta å samle livshistoriene til skeive samar, var det lite både skrive og snakka om dei skeive i det samiske miljøet. Mange spurde seg om det i det heile fanst skeive samar?

I Norge hadde ein Nettverk for homofile og lesbiske samar, som i 2009 tok initiativ til ein Fafo-rapport om stoda til dei skeive samane. Den fortalde at homofili var noko det var snakka lite om blant dei norske samane som var med i undersøkinga.

I dei andre samiske områda blei det snakka mindre. Det inspirerte Elfrida og Sara til å gjere noko med saka, og ideen om eit internasjonalt prosjekt om skeive samar vart fødd. Noko som ikkje var heilt uproblematisk, for om dei begge to er skeive  er ingen av dei samiske.

– Vi var ganske naive i byrjinga. Vi kjente oss som dei «gode» personane som skulle «redda dei queere samane», noko som i ettertid kjenst veldig pinsamt. Dei treng ikkje reddast!

– Snarare er det veldig problematisk at vi som ikkje-samar går inn deira samiske verd med våre vurderingar og perspektiv. Derfor er det så utruleg viktig at vi lagde ei utstilling og ei bok som var sette saman av dei skeive samane sine forteljingar, utan at vi har gått inn og tolka mykje. For kven er vi til å fortolke? spør ho.

LES OGSÅ: Bur de i lavvo med parabol og internett?

(saka held fram under bildet)

Frå boka

Meir enn ei bok
Bok og utstilling blei det likefullt. Og mykje er det på grunn av støtta dei har opplevd, først hos einskildepersonar  som ønskte at det skulle kome nokon utanfrå og samle det samiske skeive miljøet. Seinare har dei fått mange støttespelarar frå det samiske miljøet, ikkje minst dei samiske ungdomsorganisasjonane i Noreg og Sverige.

Når boka og utstillinga no er ferdige, er arbeidet til Elfrida og Sara òg slutt. Elfrida understrekar at det no er opp til andre å halde fram – dersom dei sjølv ønskjer det.

– Du kan sjå på utforminga av boka og utstillinga som ein første del – den løfter forteljingane på det viset deltakarane har valt å fortelje og presentere dei – og så er det ikkje opp til meg og Sara og fortelje kva det samiske samfunnet skal gjere etterpå. Det er deira eige val og eigen kamp, seier Elfrida.

Sjølv om det å lage ei bok og ei utstilling i seg sjølv er eit ganske stort arbeid, er det viktig for Elfrida og understreke at boka i seg sjølv ikkje er det viktigaste produktet av prosjektet.

– Vi trur at det finst eit poeng i å skape eit verk, boka, som finst sjølv om prosjektet er slutt. Men det er òg viktig å seie at nettverket er eit «sluttprodukt». Vonleg vil nettverket leve, sjølv når bøkene er sønderlesne!

LES OGSÅ: Frå skap til skap

Sterke forteljingar
Sjølv om prosjektet på mange vis var eit nybrotsarbeid har det gått overraskande bra – trass i at både Elfrida og Sara har blitt truga under arbeider.

– I byrja var det litt treigt, folk lurte på kven vi var og kva vi eigentleg ville. Men då vi hadde gjort eit par intervju byrja folk å høyre frå seg fordi dei sjølv ville fortelje. Nokre gongar var det som å trykke på ein knapp, som om forteljinga berre hadde lagt og venta i årevis på å bli fortalt, seier ho.

– Vi har òg fått kjent på krafta forteljinga har. Forteljinga endrar verda – om nokon berre lyttar. Vi kjenner samstundes at det framleis finst stor motstand hos mange personar. Eg og Sara har blitt truga ved eit par høve medan vi har vore rundt i Sápmi for å jobbe, fortel Elfrida.

Kvifor trur du det har blitt truga?

– Mange verkar som om dei kjenner seg truga av desse samiske skeive røynslene vert løfta fram og blir gjort synlege. Og det er forståeleg at det kan kjennest trugande når menneske syner at det går an å leve utanfor normene. Hetero-normative personar ser kor mykje tid og energi dei bruker på å oppretthalde heteronormativiteten. Dei jobbar så mykje med å vere hetero at dei ikkje lenger ser at det er eit arbeid.

– Dei skeive blir ei vond påminning og at det er nett eit arbeid. For eit menneske som er så bestemt på å passe inn er det vondt når andre får «vere med» – trass i at dei lever utanfor norma, avsluttar ho.

Frå boka