Vil ha strengare debattkrav

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det meiner stipendiat Lene Auestad, ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie, og klassiske språk ved Universitetet i Oslo (UiO).

I doktorgradsavhandlinga si har ho studert kvifor fordommar oppstår og korleis dei artar seg i samfunnet.

LES OGSÅ: Ikkje berre krig og terror

Tydelegare hatytringar
I eit intervju på UiO sine nettsider seier Auestad at eksplisitte hatytringar har blitt tydelegare i norsk debatt dei siste åra.

– Det verkar som fleire med ekstreme ytringar kjem til orde enn før, seier Auestad til UiO. Ho meiner utviklinga er skremmande.

– Ved å la fleire hatytringar sleppe til vert normene for kva som er greit å seie flytta.  Det kan føre til auka fordommar, seier ho.

LES OGSÅ: Nordmenn skeptiske til hijab

Auestad oppmodar dermed dei som forsvarar ekstreme ytringar i offentlegheita om å spørje seg kva som vert resultatet.

Sjølv meiner ho at debatten ikkje har blitt meir open. Snarare har ekstremistar fått større ytringsfridom, medan til dømes minoritetsgrupper ikkje har fått ei tydelegare stemme, ifølgje stipendiaten.

Umedvitne fordommar
I avhandlinga kjem Auestad fram til at fordommar oppstår på eit umedvite nivå. Dei kan dermed i liten grad verte forklara rasjonelt. I staden er fordommar knytt til kjensler, som frykt for endring.

Ettersom fordommar ikkje er grunna i rasjonalitet, tvilar Auestad på at å tillate ekstreme ytringar vil stikke hol på fordommane.

– Ein viktig grunn til dette er ein umedviten trang til å halde fordommane ved like. Vert ein møtt med fakta og argument som talar imot fordommane, vil ein kanskje ta ein liten omveg og endre sine grunngjevingar noko. Men grunnprinsippet for fordommen ligg fast. Dette er fordi fordommar i stor grad er knytt opp mot det emosjonelle i staden for det rasjonelle. Fordommar kan eksistere side om side med det rasjonelle, utdjupar ho til UiO.

LES OGSÅ: Terningkast to til Frp