Norske bønder får mest støtte
Noreg i verdstoppen i landbrukssubsidiar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norske bønder får mest
Ingen land i verda subsidierer landbruket sitt så mykje som Noreg, viser ferske tal frå OECD. Organisasjonen meiner norske bønder bør få mindre økonomiske støtte.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling la onsdag fram den årlege rapporten sin om subsidiering av landbruket over heile verda. I år som i fjor tronar Noreg på toppen, med eit subsidieringsnivå på 61 prosent. Hakk i hæl følgjer Sveits, Japan, Sør-Korea og Island.
LES OGSÅ: Kvar tredje bonde vil leggje ned med Høgre-politikk
OECD noterer seg at den norske landbruksstøtta har blitt litt redusert, men at ho held fram med å vere tre gonger så høg som OECD-gjennomsnittet.
– Norsk landbruk er framleis blant dei mest verna i verda, heiter det i rapporten.
OECD meiner Noreg bør gjere meir for å redusere den økonomiske støtta til bøndene og gjere det lettare for andre land å få tilgang til det norske marknaden. (©NPK)