Nordmenn skeptiske til hijab

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Den eksperimentelle studien, som er gjort ved Institutt for sosialt arbeid ved NTNU i Trondheim, viser at det er ein klar forskjell i norske haldningane til innvandrarar når det vert vist bilete av personar med og utan hovudplagget, skriv Klassekampen.

LES OGSÅ: – Valet er mitt

– Høg kostnad
– Kostnaden ved å bere hijab er ganske høg. Men utan hijab er haldningane til muslimske kvinner ikkje meir negative enn haldningane til andre kvinner med innvandrarbakgrunn, seier professor Marko Valenta.

LES OGSÅ: Retorikk vert fort politikk

Hijab-effekten
Det utslagsgivande for skepsisen til folk var dermed ikkje den religiøse bakgrunnen til kvinna, men hijaben som dekte håret til kvinna. Forskarane forventa derimot at det skulle vere ein klar hijab-effekt.

– Hijab ser ut å ha blitt eit viktig symbol på «framandhat». Det hadde vore interessant å vite nøyaktig kva for negative konnotasjonar hijab vekkjer i majoritetsbefolkninga, seier forskar Zan Strabac som har samarbeidet med Valenta.