Alvorsprat med morosam dame

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alvorsprat med morosam dame

Agnes Ravatn er kjend for å vera morosam. Debutromanen «Veke 53» var det ho sjølv kallar ”sorgmunter”, og derifrå og ut, har det meste ho har skrive, hatt ei humoristisk slagside. Dei ulike seriane ho har skrive i Dag og Tid, har tilsynelatande vortne skrivne i fullt alvor, men forma har vore lett og underfundig. Den vesle publikasjonen «Ikke til hjemlån», som ho gav ut saman med Kjersti Rorgemoen, Anja Ulset og Mari Ulset, var eit reint vitseblad. Humoren gav ho også eit tilbod frå Harald Eia og Bård Tufte Johansen om å vera med i eit fjernsynsprogram. Ravatn var på god veg til å bli komikar. Då ho nyleg fekk Hestenes-prisen, sa juryen at tekstane i Dag og tid er «ikke bare kloke, men også hylende morsomme». Og gamal vane er vond å venda.

LES OGSÅ: Ravatn droppar Bård og Harald

Smilebandsskribent
For seks år sidan byrja ho på det som no har vorte romanen «Fugletribunalet». Boka fortel om eit møte mellom to sarte sjeler, og er ei blanding mellom «Markens grøde», «Fuglane» og «Misery» av Stephen King. Ein skandalisert programleiar tek seg arbeid som gartnar heime hjå ein einstøing, og møtet er ikkje utan konsekvensar. Ravatn tok jamleg fram teksten og kjende heile tida at det var noko som kunne verte ei bok. Det losna då ho greidde å finna bakgrunnshistorier på mannen og dama i forteljinga, altså det som har skjedd før me møter dei boka.

Men så var det dette med humoren. For ei som har knapt har skrive tre setningar utan at nokon har trekt på smilebandet, er det overraskande lite humor i boka. Vestlendingar med hovudfag i trippelironi vil nok finna noko, men for oss andre er det uvant.

– Det var ikkje ein plan om at denne boka skulle vera så alvorleg, seier Ravatn.

– Men undervegs kom aforismane og humoren i vegen for forteljinga. På det beste kan humoren forsterka alvoret, men ikkje her. Det tok brodden av historia. Eg følte at det vart feigt og avvæpnande, i staden for berre å lena meg på karakterane og forteljinga. Det er mange setningar som ikkje har kome med, og dette har verkeleg vore ein klassisk ”kill your darlings”-situasjon.

LES OGSÅ: Til polsk slott med stipend

Mørkt potensiale
– Var det du eller andre som såg det?

– Det var både redaktøren min i forlaget og eg sjølv som såg det i arbeidet med manuset. Dette tener ikkje boka. Kvar gong me hadde møte, så snakka me om ”det mørke potensialet”. Det var litt vanskeleg for meg, eg frykta ei mottaking der folk sa: «Å nei, skal ho prøva å vere seriøs no, vera vaksen og skriva vaksenlitteratur?»  Men så måtte eg berre innsjå at, ja, det er faktisk det eg prøver på. Det er det eg vil, og det er slik denne forteljinga er, og det er slik denne boka må vera.

– Då er det vel godt å ha skrive ei i det minste halvalvorleg bok tidlegare?

– Ja, og sidan har eg vel bevist at eg kan vera humoristisk. Det fell meg naturleg og er ikkje noko eg må slita for å vera.

– Er det verre å vera alvorleg?

– Nei, eigentleg ikkje. Det fell meg like naturleg. Eg er like komfortabel med både alvoret og humoren. Denne forteljinga er alvorleg, og då måtte humoren vika. Utan anna samanlikning, så er det litt slik Woody Allen held på. Han kan laga lette komediar, for å så å koma med filmar som t.d. «Matchpoint» som er ein alvorleg film om skuld, straff og soning. Eg har ulike stilar, og eg treng ikkje alltid ha komibrillene på meg. Det vil ikkje seia at eg ikkje har noko behov for å vera morosam, eg er tvert om glad for å vera det.  

– I staden for humor, er det heller krimsjangeren eg kjenner att?

– Forteljinga er på mange måtar bygd opp som ei krimbok, med at det blir kasta ut mange trådar, det er fysisk og ein ikkje heilt veit korleis dette skal enda. Men etter at boka var ferdig, slo det meg at ho har element ein finn i «Nokon kjem til å kome». Det med å reise ein stad, byrja på nytt, men omverda trugar harmonien.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Måtte ta grep
– Hovudpersonen flyktar frå noko?

– Ho vil reisa vekk, og blir freista av det å arbeida med jorda, skapa noko utan at nokon ser det og skal vurdere det. Vekk frå det sosiale fengselet ho har reist i frå. Då har ho høve til å bli ein annan person, og ikkje berre kjenna på pliktene i kvardagen. Det er sjansen ho har til å bli den personen ho har lyst til å vera.

– Har du vore inne på tanken sjølv?

– Det er ei dragning eg har kjent, til liks med mange andre som bur i by. Ein går rundt i gatene og tenkjer «Herregud, det er ikkje dette eg har lyst til, dette er jo ingenting, eg må attende til vestlandet! » Ein saknar det edle i å dyrka jorda og romantiserer primærnæringane. Koma attende til ein rein urtilstand som ein føler har gått tapt i moderniteten eller noko. Men så skjønar ein jo at det ikkje kan gå. Eg kan jo ingenting om jord. Dessutan trivst eg for godt.

– Blir det like lenge til neste roman?

– Nei, det trur eg ikkje. Eg har jo fått meg så gode arbeidsvanar. Eg har jo brukt dei siste fem åra på dagbladet.no, og ikkje skrive noko anna enn desse Dag og Tid-bøkene.

– Har du lært noko av dagbladet.no?

– Nei. Eg har berre gått til sengs kvar kveld med ei kjensle av at livet snart er over og at eg har kasta det vekk. Eg måtte ta grep. Og slikt blir det bøker av.

Saka var først publisert i Norsk Tidend.

Faktaboks

Agnes Ravatn

  • Forfattar og journalist
  • Aktuell med roman «Fugletribunalet»
  • Fekk nyleg Arne Hestenes' journalistpris for film, portrett og annen kulturjournalistikk