YouTube-hit med fjærablod i årene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å få gå i fred gjennom dei spanske gatene har etterkvart blitt ei utfordring for 23 år gamle Ruben Dablos Gundersen frå Madrid. Der vil mange ha ein liten bit av han, i form av eit bilde, ein autograf, ein klem eller berre ei handhelsing. «Alle» spanske ungdommar veit kven han er, men at han er halvt norsk og stammar frå Fjæra i Etne kommune, er det truleg få som har fått med seg.

LES OGSÅ: Høyr kva reven eigentleg seier

338 millionar visningar
Gundersen har opplevd braksuksess på YouTube, der han i 2011 oppretta sin eigen konto, som etterkvart fekk uhorveleg mange abonnentar. I dag er han YouTubar nummer éin i Spania, og har til saman 3,3 millionar YouTube-abonnentar frå både Spania, Mexico, Argentina og Chile. Han har 338 millionar avspelingar i same forum, 431.000 fans på Facebook og 700.000 følgjarar på Twitter. Så kvardagen er ikkje lenger den same for den norsk-spanske unge mannen.

På YouTube går han under namnet ElrubiusOMG, og det er den store interessa for videospel som har ført han der han er i dag.

— Det heile byrja då eg gjekk på vidaregåande skule i Bergen. Eg starta med å lasta opp videoar på YouTube, men det var ikkje så ofte. Kanskje ein og annan video annakvar månad. Eg hadde ikkje så stor suksess til å byrja med, men eg synest det var veldig kjekt, seier Gundersen, som har norsk mor og spansk far og som har budd i Noreg i til saman sju år, over to periodar.

LES OGSÅ: 36 millionar har sett det dei lagar

Tok av med Chatroulette
Etterkvart kom eit nytt spel som heitte Skyrim, og då byrja han å lage videoar der han kommenterte ting som fall han inn, mens han sat og spela. Mange synest kommentarane hans var svært morosame, og før han visste ordet av det var han oppe i 20.000 abonnentar. Folk likte det han dreiv med, og etterspurde etterkvart kven han var, for dei ville gjerne sjå ansiktsuttrykka hans mens han spela og kommenterte. Då han nådde 20.000, sto han fram på skjermen, og starta med Chatroulette-videoar. Chatroulette er eit chatteprogram med webcamera kor ein kan kommunisera med heilt tilfeldige folk i verda, og då han starta med dette tok det heilt av.

— At eg har så mange millionar visningar på YouTube er heilt sprøtt. Eg trur tilhengjarane likar både humoren min og måten eg gjer opptak på, samtidig som dei likar meg og legg merke til at eg prøver å vera meg sjølv, seier Gundersen.

LES OGSÅ: Spelejenter i sommarsol

— Eg er heldig
Det som byrja som ein hobby, er no blitt ein karriereveg for den norskætta unge mannen. Det siste halve året har det blitt ein fulltidsjobb, der han får inntekter frå reklamen som er plassert på kanalen hans. Han har også fått høve til å flytta for seg sjølv, noko som ikkje er sjølvsagt for mange spanjolar i dag.

— Mange på min alder bur framleis heime hos foreldra sine, for dei får ikkje jobb og inntekt. Eg har alltid hatt ein draum om å få lov til å jobba med det eg likar aller best, så eg er heldig og veit å setja pris på det, seier han.

Han opplever at mange selskap ønskjer å samarbeida med han. Han blir også invitert til arrangement både i inn- og utland, og seinast i juni blei han invitert av Ubisoft, som er eitt av dei største speleselskapa i verda, til å vera med på spelemessa E3 i Los Angeles. Han var også nyleg i London, der han var invitert av Google til å vera med i eit rekordforsøk med Guinness book of records.

Elskar Fjæra og norsk middag
Med ein så travel kvardag og eit etterkvart svært kjent ansikt, er det ei ubeskriveleg kjensle å få komma heim til bestefar på Fjæra. Der pulserer ikkje kvardagen fullt så heftig for han som i Madrid.

— Eg har feriert i Fjæra både i jula og nesten kvar einaste sommar sidan eg var liten gut. Eg elskar spesielt å vera der i jula når det er mykje snø, for snø er det lite av i Madrid. Fjæra er ein perfekt stad å slappe av, både vinter og  sommar. Eg elskar også norsk mat. Det er lite som slår ein skikkeleg middag med kokte poteter. Det får eg ikkje i Madrid, seier YouTube-hiten.

Planen var å komma til Noreg også i sommar, eller i haust, men suksessen har kome i vegen. Likevel er ein tur til Fjæra noko kjendisen svært gjerne ønskjer å prioritera om ikkje så alt for lenge.

Saka var først publisert på Grannar.no.

I videoen under kan du sjå ablegøyene til Ruben Dablos Gundersen, som no har vorte hans levebrød.