Kraftig auke i vraking av bilar

Framtida
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire vrakar bilen

Etter dei første seks månadene i år vart det vraka rundt 85.700 køyretøy, rundt 8800 fleire enn etter første halvår 2012. Ferske tal frå Toll- og avgiftsdirektoratet viser no at tala for juli og august også viser ein ytterlegare auke.

– I juli og august vart det vraka 23.000 kjøretøy. Same tal i 2012 var 15.000, seier Eirik Sannes, avdelingssjef i Tollregion Midt-Norge.

LES OGSÅ: Biff like ille som bil

Auka vrakpant
Frå årsskiftet vart vrakpanten auka med 500 kroner til 2500 kroner, og frå 1. juli med ytterlegare 500 kroner slik at han no er på 3000 kroner. Det gir tydelege utslag i panteiveren hjå norske bilkøyrarar.

I fjor vart det vraka til saman 121.608 køyretøy.