Kritiske til at stemmer går i søpla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritiske til stemmer i søpla

Ifølgje NRK viser ein ringjerunde til 60 norske kommunar at dei har forkasta omtrent 500 førehandsstemmer fordi dei kom for seint til mottakarkommunen.

Stemmene har dermed vorte forkasta sjølv om stemminga har vore lovleg og gjennomført før fristen.

Den norske Helsingforskomité meiner at førehandsstemminga er altfor dårleg organisert.

– Dette er eit uakseptabelt høgt tal, og det er truleg enda høgare. Viss ei stemme er levert innan den fristen som er sett, så skal ho telje med. Her snakkar vi om ein systemsvikt, seier Berit Lindeman, som er ansvarleg for valobservatørprosjektet til Helsingforskomiteen, til NRK.

Helsingforskomiteen hadde 34 valobservatørar på plass måndag. Det var den største delegasjonen av observatørar som var i Noreg ved dette valet.

Lindeman minner om at det i somme fylke er ørsmå marginar som avgjer kva parti som stikk av med dei siste stortingsmandata.

– Vallova er klar: Har det skjedd noko uregelmessig som skaper tvil om resultatet i eit valdistrikt, så skal det annullerast og arrangerast omval i det aktuelle distriktet. Dette er i grenseland, seier ho.