Farleg hjelp

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Farlegare for hjelpearbeidarar

Torsdag vart ein norsk hjelpearbeidar drepen i Kenya. Legar Utan Grenser (LUG) har lenge meldt at det har blitt farlegare å hjelpe menneske i naud i krigs- og konfliktområde. I kveld inviterer dei til filmsyning og debatt i Oslo.

Ein av debattantane er barnelege Monica Thallinger. Som feltarbeidar for LUG har ho erfaring frå Sierra Leone, India, Etiopia, Somalia, Afghanistan og Syria.

– Før var den største fara at vi kunne bli rana, eller at vi kunne vere på feil stad til feil tid og dermed hamne i krigseld. No har situasjonen for helsearbeidarar blitt meir utrygg. Fleire og fleire blir angripne eller drepne i krigs- og konfliktområde. Hovudproblemet er at hjelpearbeidarar rett og slett har blitt militære mål i seg sjølv. Slik var det ikkje før, fortel Thallinger.

– Kvifor har faren blitt større?

– Situasjonen endra seg særleg etter invasjonen i Afghanistan. Då amerikanarane invaderte landet endra dei taktikken for krigføring, ved å inkludere humanitært arbeid. Denne strategien vert kalla comprehensive approach, og inneber å vinne befolkninga sine hjarter og sinn med humanitær hjelp. At NATO og USA har gjort nytte av denne strategien, har viska ut skiljet mellom politikk og nøytral hjelp.

LES OGSÅ: UNICEF: Barnedødeligheita halvert sidan 1990

– Utviskinga har gjort arbeidet vårt svært vanskeleg. Då eg nyleg var i Afghanistan var dette ei dagleg problemstilling. Vi vart stadig konfrontert med spørsmål om kvar pengane våre kom frå, og må heile tida overtyde gruppene vi forhandlar med – det kan vere opprørsgrupper, som Taliban, eller NATO-styrkar – om at vi er nøytrale. I tillegg må vi arbeide rundt fleire ekstreme grupper enn før, som det er vanskeleg å kommunisere med.

– Kva tyder det å vere ein humanitær aktør?

– At ein yter hjelp til menneske ut frå kva dei humanitære behova er. Ganske banalt går det ut på at det er den som lir som skal få hjelp, altså at dei humanitære behova styrer, og ikkje politiske eller militære agendaar.

– Kva tyder det når det norske forsvaret seier at humanitære organisasjonar er spydet i norsk afghanistanstrategi?

– Det kan implisere at det norske forsvaret ser naudhjelp som ein militær strategi, framføre som svar på behov på bakken. Problemet er også at norske organisasjonar har motteke stønad frå den norske staten, også direkte på bakken i form av militært vern. Samstundes kallar organisasjonane seg humanitære. Denne samanblandinga av militære og humanitære grupper gjer det vanskeleg for organisasjonane å verke nøytrale. Vi er ikkje heilt einig i om dette er humanitær hjelp. Samstundes er dette eit vanskeleg område, der vi også er sjølvkritiske.

LES OGSÅ: Frivilliges krav til regjeringa

– Kor mykje statleg støtte mottek Legar Utan Grenser?

– Ti prosent av pengane våre kjem frå statlege gjevarar. I Afghanistan bruker vi ikkje av desse, det er umogeleg. Vi gjer risikovurderingar om kvar vi kan bruke slike midlar, og kanaliserer dei helst til prosjekt som ikkje er i konfliktområde, slik som eit hiv-prosjekt vi har i Malawi. Då unngår vi kinkige situasjonar. Men i Sør-Sudan og Kongo brukar vi midlar frå statlege gjevarar. Dette har vi store interne debattar og ein del usemje om. Dei statlege midlane er problematiske, og det merkar vi. I felt vert vi stadig konfrontert, som då eg var i Afghanistan og Syria, der opprørsgrupper spurte korleis vi kunne kalle oss nøytrale når vi får ti prosent av støtta vår frå statlege gjevarar.

– Kva svarar du då?

– Eg seier at det er heilt rett at vi får ti prosent frå statlege gjevarar. Så understrekar eg at vi ikkje bruker nokre av desse pengane der, men at dei vert kanaliserte til andre prosjekt. I tillegg forklarar eg at desse midlane ikkje har innverknad på korleis vi arbeider og kva vi prioriterer. Behova på bakken styrer oss, og ikkje nokon politisk eller militær strategi.

– LUG har lenge varsla om at dei humanitære prinsippa er i fare, mellom anna gjennom ein eigen kampanje. Korleis kan situasjonen for hjelpearbeidarar bli betre?

– Vi prøver å setje dette på agendaen. Internasjonalt vert situasjonen verre, ikkje betre. Det ser vi tydeleg i Syria, der LUG er ein av dei få som er inne. Der er situasjonen utruleg vanskeleg. Vi vil òg setje fokus på framtida. Vi veit ikkje korleis NATO, USA eller Noreg vil handle ovanfor Syria, men vi vil at ein skal hugse at det er viktig å lære av det som allereie er gjort. Ein må forstå korleis militære strategiar har gjort det vanskeleg for oss å nå fram til dei mest sårbare.

– Kva forventningar har du til den nye regjeringa?

– Eg håpar at dei følgjer opp det gode arbeidet som den førre regjeringa starta med Stortingsmelding nr. 40 om norsk humanitær politikk og framleis held fokus på humanitært arbeid. I tillegg håpar eg at den nye regjeringa vil klare å skilje mellom politikk og humanitær hjelp, særleg dersom Noreg går inn i fleire konfliktar. Og sjølvsagt håpar eg at pengane som regjeringa gjev til bistand vert gjeve etter behov, og ikkje etter kva som lønnar seg for norsk politikk. Chad, der behova er enorme, får til dømes ikkje eit øre.

LES OGSÅ: Med nynorsk på brystet