Bokhandlarane heidrar Mæhle og Leikvoll
Lars Mæhle fekk Bokhandelens barnebokstipend, medan Jan Roar Leikvoll fekk forfattarstipendet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heidra av bokhandlarane
Jan Roar Leikvoll fekk fredag «Bokhandelens forfatterstipend» for dei tre romanane «Eit vintereventyr», «Fiolinane» og «Bovara».
Stipendet er på 200.000 kroner og er meint å motivere forfattaren til å skrive enda fleire gode bøker, seier administrerande direktør Trine Stensen i Bokhandlerforeningen.
Juryen skriv i grunngivinga for tildelinga at dei tre romanane til Leikvoll er prega av roleg, vond, sansande og vakker prosa.
Leikvoll kjem seinare i september ut med ein ny roman, «Songfuglar».
Bokhandlarforeininga har også gitt stipend på 60.000 kroner kvar til Wenche-Britt Hagabakken og Stig Aasvik.
LES OGSÅ: Det vakraste i det styggaste
– Blir berre betre og betre
Lars Mæhle fekk Bokhandelens barnebokstipend på 40.000 kroner.
Stipendet er eit samarbeid mellom Bokhandlerforeningen og Norske Barne- og ungdomsbokforfattere (NBU). Målet er å utvikla forfattarskap og løfta fram dei nye barnebøkene.
I grunngjevinga til juryen heiter det at Lars Mæhle er ein godt etablert forfattar som skriv i mange ulike sjangrar og som har vist ei stigande formkurve.
– Bøkene hans blir berre betre og betre, og han når stadig fleire barn og unge, meiner juryen, som kjenner seg trygg på at stipendet vil inspirera forfattaren til å halda fram med å skriva gode bøker til glede for små og store lesarar.
Lars Mæhle kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive over tjue bøker for barn, unge og vaksne. Det er det litterære rådet i Norske Barne- og ungdomsbokforfattere som vel ut kven som skal få stipendet, medan Bokhandlerforeningen står for finansieringa av stipendet.
Les intervju: – Likar å finta og lura lesarane