Dei yngste på Stortinget

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei oppgåve eg går til med skrekkblanda fryd, seier 23-åringen Fredric Holen Bjørdal. Han var nominert som andrekandidat i Møre og Romsdal Arbeidarparti, ein såkalla sikker plass.

Bjørdal er ein av dei som dreg snittet på stortingsrepresentantar ned med 0,2 år, ifølgje NTB. I andre enden av skalaen er den eldste representanten 68 år gamle Svein Flåtten frå Vestfold Høgre.

LES OGSÅ: Fredric mot stortingsplass

Hard valkamp
Etter gårsdagens valresultat vart Arbeidarpartiet det største partiet med 30,9 prosent av stemmene, men dei raudgrøne må likevel sjå seg slått av den borgarlege blokka.

Sidan fyrste mai har det gått i eitt med valkamparbeid for den ferske stortingskandidaten. Mange mil bak rattet, oftast sju reisedagar i veka. Lite tid til familie og vener.

– Det vert mykje når ein både køyrer rundt sjølv og skriv alle innlegga sjølv, men fikser ein ikkje det har ein ingenting på Stortinget å gjere, seier Bjørdal.

LES OGSÅ: – Unge har lite stayerevne

Den yngste
Det vart klart i morgontimane dagen derpå at Sivert Bjørnstad, andrekandidaten i Sør-Trøndelag Frp, får eit av partiets 29 stortingsmandat. Studenten er nokre månader yngre enn Fredric Holen Bjørdal og vert med det yngst av dei 169 stortingsrepresentantane. Når det nye Stortinget trer inn er dei begge 23 år.

Framstegspartipolitikaren hadde ei spanande natt på valvake i Trondheim. Når Framtida.no ringer den yngste representanten har det nesten ikkje gått opp for Bjørnstad at han skal på Stortinget.

– Det er ei litt rar kjensle, men det kjennes heilt fantastisk, seier Bjørnstad, og legg til:

– Når det er så jamt og tett er det utruleg artig at det går vegen.

Han har sidan 2011 vore bystyrerepresentant i trønderhovudstaden og fylkestingsrepresentant. I tillegg har BI-studenten vore formann i Sør-Trøndelag FpU.

No er han klar for å innta maktens korridorar og forsikrar om at han vil jobbe like hardt som dei eldre representantane.

– Fordelen med å vere ung er at eg veit kva saker ungdom i Sør-Trøndelag er oppteken av. Mellom anna bustadpolitikk som er eit heitt tema no, me må byggje fleire bustadar og meir riktige bustadar for at ungdom i Sør-Trøndelag skal få eit betre tilbod enn i dag, sa Bjørnstad, til NRK.no i går kveld.

LES OGSÅ: Lagar politikk i sommarferien

Sa frå seg ettertrakta studieplass
23-åringen Fredric Holen Bjørdal er klar for å ta sin plass på Stortinget.

I tillegg til at det nye Stortinget er yngre enn det førre, er det rekordmange nye andlet å spore. Ikkje sidan 1945 har like mange representantar vore nye, og Bjørdal er ein av dei 67 ferskingane på Stortinget.

Tidlegare har partimotstandar Mette Hanekamhaug (Frp) frå same fylke, skrive historie som yngste stortingskandidat i gjennom tidene, då ho som 22-åring fekk fast plass i 2009.

Men å seie ja til nominasjonen var ikkje berre enkelt, noko måtte ofrast. Å seie frå seg plassen på profesjonsstudiet i psykologi – ein plass mange nyttar år på å sikre seg – er det vanskelegaste valet han nokosinne har teke.

– Det var så vanskeleg at eg fyrst sa nei til å verte nominert til Stortinget, men etter kvart vart eg overtala med at dette er ein sjanse ein får ein gong i livet, seier Bjørdal, som no kjenner seg klar for utfordringa.

– Eg veit at det vert både veldig spanande og forferdeleg krevjande, der ein heile tida må setje seg inn i nye ting og at eg vert konstant sett på prøve, seier Bjørdal, og legg til:

– Læringskurva kjem til å verte umåteleg bratt, men det må eg tole.

LES OGSÅ: – Grå menn i dress gjev ikkje best politikk

Vil vekependle
Helst ville Fredric Holen Bjørdal vore på valvake på studentsamfunnet i Volda med ei pils, men pliktene kalla, så han deltok på NRK si valvake i Ålesund.

Fyrste gong Bjørdal var på tinget var med ei AUF-omvising, snart vert det nesten 150 år gamle bygget hans arbeidsplass.

– Eg har sett for meg ein plass på Stortinget, men det er veldig surrealistisk. Eg er jo ein heilt vanleg fyr med tomannsbustad, sambuar og Volvo-stasjonsvogn, og no skal eg ned i maktens korridorar og styre landet.

Men sjølv om han er urban nok til å lika både både latte og sushi, vil ikkje Bjørdal byte ut heimbygda med det same.

– Eg trur ikkje det er så lurt å flytte til Oslo. Du har eksempel på folk som vert valt inn i Oslo, flytter ned og gløymer fylket sitt, seier Holen, som vonar han kan vekependle.

Unge stemmer
Fredric Holen Bjørdal er oppteken av å vere dei unge si stemme på Stortinget, for der diskusjonane og avgjerdene skal takast bør dei unge vere representert, meiner Bjørdal.

– Eg er spent på korleis eg vert motteke som ein av dei yngste stortingsrepresentantane, om folk møter ein med respekt eller spør om ein er sekretæren, som eg har høyrd døme på at folk har vore ute for.

Som ung representant er han overraska over at han ikkje i større grad har vorte stempla som ein politisk broiler, ein som er avla opp til å drive med politikk og har lite eller ingen erfaring frå arbeidslivet.

– Det er kanskje fordi eg har litt anna erfaring enn det mange kanskje ser på som ein typisk broiler, som gjerne har gått allmennfag på vidaregåande, teke statsvitskap på Blindern og gått karrierestigen i parti og ungdomsparti, meiner Bjørdal.

Sjølv tok han musikklina på vidaregåande og har arbeidd i akuttmottak hjå barnevernet og som miljøterapeut i bufellesskap med psykisk utviklingshemma, parallelt med ein bachelor i planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda.

– Må førebu meg dobbelt så godt
– Klart ein har noko å bevise som ung representant. Når eg har vore rundt på debattar i Møre og Romsdal føler at sidan eg er halvparten så gamal, må eg førebu meg dobbelt så godt, seier Arbeidarpartipolitikaren, som for det meste møter positive reaksjonar på sin unge alder og meiner at norsk debattkultur stort sett er bra.

– Eg har opplevd nokre tvilsame teknikkar og hersketeknikk, litt nedlatande latterleggjering og haldningar om at eg er ein ung jypling, men eg er ganske offensiv og har ikkje problem med å angripe slikt.

No er det arbeidsoppgåvene på Stortinget som skal angripast. Og han reknar med lange dagar, for ein ung stortingsrepresentant er det mykje å setje seg inn i.