Vann med innlegg om stemmeretten

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samband med jubileet for at det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i Noreg, har Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter arrangert ein skrivekonkurranse for ungdom under 22 år. Oppgåva har vore å skrive om kvifor stemmeretten bør brukast. Det har kome inn kring 20 innlegg frå ungdom over heile landet.

Kristine Madeleine Banggren frå Hole i Buskerud vann førsteplassen med innlegget Vår sak. I innlegget som handlar om forventningar, skriv ho:

“Her er saka vår: me må ta tilbake liva våre! Me må reise oss opp! Eg meiner ikkje at me skal droppe ut av skulen og bli hippiar. Nei, me må ta eit val om å endre utviklinga i samfunnet frå det destruktive til å sjå at vi er noko utan å pynte på verkelegheita. Me må sørgje for at psykisk helse blir satt på dagsorden i skulen slik at færre blir sjuke. Det er visom skal setje våre eigne krav og forventning!”

Juryen skriv: Kristine Madeleine Banggren skriv eit engasjert og originalt om eit viktig tema som opptek mange unge – mental helse. Som ho skriv: Det handlar om å bruke stemmeretten sin! Ikkje berre i eit valår, men heile tida, kvar einaste dag.

Oda-Karoline Rosland Eilertsen får andreplassen med innlegget 16-åringar: bestemma over landet, men ikkje seg sjølve? Mai Lene Fløysvik Hæåk får tredjeplassen med innlegget Likestilling er lik allmenn stemmerett?

Førsteplassen blir premiert med 5000 kroner, 2. plass med 3000 kroner og 3. plass med 2000 kroner.

Terje-André Kvinlaug, Kristin Frafjord, Henriette Lauvhaug Nybakke og Saphrina Vondrak får heiderleg omtale for innlegga sine og ei bok i posten.

Representantar frå Framtida.no, Magasinett og Nasjonalt Garborgsenter har sete i juryen.

Sjå andre tekstar som kom inn i konkurransen her!

Kvifor meiner du det er viktig å bruka stemmeretten? Skriv meininga di i kommentarfeltet under: