Erna har bestilt kaker

Høgre-leiar Erna Solberg er så sikker på valsiger at det tysdag blir kakefest. Ho tvilar likevel på at nokon av partia får over 30 prosent av stemmene.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har bestilt kaker

– Eg trur ikkje vi ser 30-talet. Det trur eg ingen av partia gjer, seier Solberg til Dagbladet.

Men ho er likevel så sikker på siger at Høgre har planlagt pressekonferanse på Høgres Hus tysdag klokka 12, med kakefest etterpå klokka 13.30.

LES OGSÅ: Fleire stemmer elektronisk

Samtaleinvitasjonar
Solberg trur valdeltakinga kan bli høg, og ho meiner det står mellom to tydelege alternativ.

Høgre-leiaren vil enno ikkje røpa om ho har nokon plan rundt regjeringsforhandlingar og viser til at ho har invitert alle dei fire borgarlege partia til samtalar.

Leiar i Kristeleg Folkeparti, Knut Arild Hareide, skal tysdag gjennomføra telefonkonferanse med sentralstyret. Torsdag blir det fysisk møte dersom situasjonen tilseier det, opplyser han.

LES OGSÅ: Det blir blått for godt

Kan snakke regjering om ei veke
Venstre-leiar Trine Skei Grande får torsdag mandat av stortingsgruppa til å gå i forhandlingar. Framstegspartiet held på same måten som KrF, sentralstyremøte tysdag der partiet skal analysera valresultatet og gjera seg klar for forhandlingar. Stortingsgruppa og sentralstyret i Høgre møtest fredag.

Eventuelle regjeringsforhandlingar startar truleg neste måndag på eit hotell i Oslo-området.