Politiet si sikkerheitsteneste (PST) undersøkjer rekordmange studentar.

Heljar Havnes/Universitas
Heljar Havnes/Universitas

Aller størst er frykta for Irans atomprogram.

– Det skal ikkje stå «Made in Norway» på iranske masseøydeleggingsvåpen, seier Martin Bernsen, informasjonssjef i Politiets sikkerheitsteneste (PST), til Universitas. 

Aldri før har så mange iranske studentar som søkjer seg til norsk akademia, vorte stoppa av PST. Berre 27 iranske studentar har fått godkjent studentasyl, mot 122 på same tidspunkt i fjor. Det syner ferske tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI). 

UDI opplyser at grunnen til dette er at ei større mengd studentar risikovurderast av PST. 

– PST fryktar at Noreg bidreg til produksjon av masseøydeleggingsvåpen, som ytste konsekvensen av at risikostudentar får tilgang til norsk akademia, seier Bernsen. 

Han opplyser at PST gjer trusselvurderingar av rekordmange iranske studentar i år. 

– Kvifor skjer dette akkurat no? 

– Prioriteringane våre heng saman med trusselbiletet, seier Bernsen. 

I 2011 etterlyste PST ein debatt om kontroll av spreiing av farleg kunnskap frå norske universitet. No intensiverer dei kontrollen med såkalla risikostudentar. 

Framleis meiner PST at norske universitet og høgskular bør følgje opp problemstillinga betre. 

– Norske utdanningsinstitusjonar har sjølv eit ansvar. Oppfølginga frå deira side har vore svært varierande. Hovudproblemet er manglande medvit rundt problematikken med risikostudentar, seier Bernsen. 

LES OGSÅ: Noreg opnar for forfølgde studentar

–Overvaka e-post
Massoud Mousavi er iranar og medisinstudent ved Universitetet i Oslo. Han har tidlegare studert biologi ved UiO, og seier han sjølv kjenner iranske studentar som har hatt problem med PST. 

– Ein som studerte ved NTNU fekk sine e-postar overvaka, og vart ofte utspurt av sine førelesarar om kva intensjonane hans var med studiane, seier Mousavi. 

Universitas har vore i kontakt med den aktuelle iranske studenten, men han ynskjer ikkje å kommentere saka. 

LES OGSÅ: PST ber imamar ta avstand frå islamistar

Vanskeleg å stoppe kunnskapsflukt
I PST si trusselvurdering for 2013, som kom ut i februar, kjem det fram at norsk høgteknologi er attraktivt for Iran. Iransk etterretning har tidlegare gått ut i fleire internasjonale medium og slått fast at dei sender folka sine ut i verda for å tileigne seg kunnskap som landa ikkje sjølv har tilgjenge til. 

– Å verne Noreg mot at verdifull kunnskap forsvinn ut frå landet og endar opp i galne hender byr på heilt andre utfordringar enn å stoppe ulovleg eksport av våpen og utstyr, seier Bernsen. 

Det er spesielt kunnskap om våpenteknologi som ikkje skal hamne i gale hender. Men òg kunnskap om mellom anna oljebransjen er verdifull for Iran og andre risikoland. 

Det er FN-resolusjonen om Iran som ligg til grunn for ei slik kategorisering. Gjennom resolusjonen vert Noreg og resten av medlemsnasjonane pålagd «å vere årvakne og hindra at iranarar får opplæring og trening på område som vil kunne ha tyding for Teherans omstridde atomprogram.». 

– Me har indikasjonar på at det kjem iranarar som medvite freistar å tileigne seg slik kunnskap i Noreg, seier Bernsen. 

I norsk oljebransje vert det mellom anna utvikla muttarar som toler ekstrem varme. Denne kunnskapen kan ifølgje PST brukast i iranske atomreaktorar. 

– Det er fysikk, kjemi og IT på høgare nivå som er mest utsett for spionasje og ulovleg kunnskapseksport. Me må hindra at studentar me er uroa for startar med desse faga, seier Bernsen. 

LES OGSÅ: Fritt Ord-honnør til Louiza Louhibi

–Uforståeleg
Massoud Mousavi har sjølv opplevd problem med studiane på grunn av sin iranske nasjonalitet. 

– Då eg skulle utveksla til USA, opplevde eg diskriminering frå ambassaden. Det tok alt for lang tid med saksarbeidet. Universitetet eg skulle til, sa til meg at det var på grunn av mange bakgrunnssjekkar på grunn av nasjonaliteten min. 


Mousavi trur det ville vore eit livstidsprosjekt å tileigne seg kunnskap som skulle vere av verd for eit iransk atomprogram. 

– Det er uforståeleg for meg kvifor iranarar i Noreg har vorte eit mål for PST. Viss Iran vil hente kompetanse til eit atomprogram får dei nok det frå Russland eller Kina. 

LES OGSÅ: Treholt-opptaka vert offentlege

–Utestenging hjelper diktatura
Mahmood Reza Amiri Moghadam er frå Iran, og har doktorgrad i medisin frå UiO. Han er òg menneskerettsforkjempar og involvert i Scholars at Risk-prosjektet.

– Me har ei moralsk forplikting til å hjelpe studentar som er i fare på grunn av sine ytringar. Mange av desse kjem frå land som vert sett på som risikoland frå PSTs side, seier Moghadam. 

Han understrekar at han er klår over risikoen iransk etterretning utgjer for norsk akademia. 

– Eg veit at studentkanalen nyttast av iransk etterretning for å hente ut informasjon frå andre land. Men me kan ikkje automatisk lukka ute alle som kjem frå desse landa. Dei kan jo sjølv vere studentar som lever i fare for forfølging og undertrykking, seier han. 

Moghadam meiner Noreg kan ende opp med å hjelpe diktatura ved å ha ei lukka haldning til studentar frå risikoland. 

– Det å stengje folk ute på denne måten vil hjelpa regimet å undertrykkja sitt eige folk. Det er ikkje noko som er betre for eit diktatur enn folk som har mista vona. Iran lukkar stadig fleire studium for kvinner og undertrykkjer studentar som ytrar meiningane sine. Me må ikkje bidra til at desse menneska mistar høvet til ei utdanning, seier Moghadam. 

– Skal ikkje overvake
Viserektor Ragnhild Hennum avviser at Universitetet i Oslo har noko ansvar for overvaking av studentar. 

– UiO har ingen heimel for å overvake studentane våre – verken nasjonale eller internasjonale. Dei studentane som studerer hjå oss, har opphaldstillating frå UDI. 

Hennum understrekar at ivaretakinga av tryggleiken til riket er PST si oppgåve. 

– Oppgåvene til universitetet er heilt andre. Me har møtt PST-leiinga og utveksla synspunkt om desse problemstillingane, seier Hennum. 

Viserektoren meiner at dersom norske styresmakter ynskjer å stoppe visse studentgrupper må dei anten gjere dette gjennom å nekte dei opphaldstillating, eller ved å lage ein klår heimel som gjer at desse studentane ikkje blir teke opp til studium.

Saka var først publisert i Universitas.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.46

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE