Stemde på Piratpartiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg stemde Piratpartiet fordi dei er for eit fritt internett, og det er eg også, seier Toni Vik frå Stord.

Les også: Slik stemde elevane i Sunnhordland

I år er det første gong han deltek i skulevalet, og stemma gav han frå seg i tredje etasje på Stord vidaregåande skule, avdeling Vabakkjen.

– Kva meiner du med fritt internett?

– I dag blir me overvaka på internett, noko eg er imot. Dessutan vil eg at det skal vera lovleg å dela materiell på nettet. Eg er sjølvsagt imot piratkopiering av filmar, men eg er imot å stenga diverse nettsider, seier Vik.

– Har du sett deg inn i kva standpunkt dette partiet har i andre saker?

– Nei, det har eg ikkje hatt tid til, seier 16-åringen.

Det Norske Piratpartiet er ein del av ei rørsle som starta i Sverige i 2006, og har sidan den tid spreidd seg over ulike delar av verda. I mange land har rørsla søkt politisk innverknad ved å stifta politiske parti. Piratpartiet i Noreg vedtok sitt første kjerneprogram under sitt første landsmøte i 2013, står det opplyst på nettsida deira.

I år er det elevane ved IKT servicefag som har ansvar for skulevalet på Vabakkjen.

LES OGSÅ: Høgre og Piratpartiet vann skulevalet

– Eg har ansvar for å passa på at alle klassane er her, og markera ut namna til elevane etter kvart som dei kjem, fortel Martin Sikveland (18) frå Sagvåg.

Ole Petter Røksund (16) frå Moster har fått i oppgåve å dela ut passord til kvar elev.

– Det er heilt greitt å vera med, seier Røksund.

Les saka i Sunnhordland!