Oslo-elevar seier ja til OL

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtal for OL

58,1 prosent av elevane ved dei 17 skulane som deltok i avstemminga sa ja, medan 32,7 prosent svarte at dei ikkje ønskjer at Oslo skal gå vidare med søknaden. 9,2 prosent avleverte blank stemme.

Avstemminga skjedde samtidig med skulevalet. Dette kjem i forkant av folkeavstemminga der alle Oslos veljarar får ta stilling til spørsmålet samtidig med stortingsvalet.

Byråd for miljø og samferdsel Ola Elvestuen (V) seier det er opp til bystyret korleis dei vil vektleggje stemmene frå elevane i forhold til den «ordentlege» folkeavstemminga.

– Vi får ta dette som rådet frå skuleelevane, og så kjem folkeavstemminga med rådet sitt. Det er bystyret som til slutt må ta avgjerda. Vi kjem til å gi ei anbefaling til bystyret. Dette er jo ein del av faktagrunnlaget som bystyret må halde seg til, seier han til NTB. (©NPK)