Valdagen kostar 500 millionar
Valdagen kostar 500 millionar kroner i tapte arbeidstimar, viser reknestykke som Virke har laga. Organisasjonen meiner det hadde vore betre om alle stemte heimanfrå.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Valdagen kostar 500 mill
I år er tolv kommunar med til saman 250.000 veljarar med i eit prøveprosjekt med elektronisk stemmegiving. Ved det neste valet må dette bli ei permanent ordning for alle veljarar, krev Virke, som er den nest største av næringslivsorganisasjonane.
LES OGSÅ: Fleire stemmer elektronisk
Kan spare 480 millionar
– Virke vil ikkje valdagen til livs, forsikrar Alisdair Munro, direktør for kunnskap og teknologi i Virke.
– Det vi er opptatt av, er at styresmaktene legg til rette for ei så enkel og smidig gjennomføring av valet som råd er. Stengde skular og krav om manuell stemmegiving er det motsette, seier han.
Etter Virkes reknestykke kan ei elektronisk stemmegiving for alle gi ein samla økonomisk gevinst på 480 millionar kroner.
LES OGSÅ: Veljarane er positive til e-val
Tapte årsverk
Organisasjonen meiner det i dag går tapt over 1.000 årsverk fordi veljarane må oppsøkje eit vallokale for å stemme. I tillegg må mange foreldre ta fri fordi skulane held stengt.