Fleire stemmer elektronisk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Internettstemmeurnene opna i år den 12. august, samstudes med lokala til å førehandsstemma i.  

LES OGSÅ: Veljarane er positive til e-val

Flest i Fredrikstad
I løpet av dei fire fyrste dagane har over 3.300 stemt elektronisk berre i Fredrikstad, syner tal  frå Kommunaldepartementet på Valg.no.

Oppslutninga i år er dobbelt så god som ved kommunevalet i 2011, sjølv etter at ein korrigerer tala for at fleire no har tilbodet om å stemme elektronisk.  

Tolv kommunar er i dag med på prøveordninga der ein kan førehandsstemma elektronisk før Stortingsvalet. Det er to kommunar meir enn ved kommunevalet i 2011.

Fleire unge
Statssekretær Eli Blakstad (Sp) i Kommunal- og regionaldepartementet er begeistra for dei aukande stemmetala.

– Me meiner at dette aukar tilgjengelegheita til å velje. Studentar som ikkje bur i heimkommunen sin og ikkje minst for funksjonshemma. Det aukar tilgjengelegheita til val, sa Blakstad til NRK.no.

Etter valet i 2011 vart e-val løysinga evaluert og ein kom då fram til at det var ein større del unge som stemte.