Høgre og Piratpartiet vann skulevalet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overraskar i skulevalet

– Det er utruleg bra! Det vitnar om ein ny høgrevind over Noreg, seier Tina Bru (27), fjerdekandidat for Høgre i Rogaland. Slår skulevalet og dei seinaste meiningsmålingane til, vil ho få fast plass på Stortinget.

– Unge Høgre har gjort ein kjempejobb i skuledebattane. Det har vore kjempegode debattar på skulane. Det har ikkje vore slik, som mange har sagt, at det berre er krangling, held ho fram.

Størst tilbakegong sidan 2011 har Arbeidarpartiet. Samanlikna med tidlegare år er det SV som går mest tilbake. Frå 1991 til 2005 var SV til dels mykje større enn Høgre i skulevalet.

Over sperregrensa
Eit anna parti som har gjort det svært godt dette valet er Piratpartiet. Dei fekk 4,3 prosent av røystene, og ville passert sperregrensa om det hadde vore resultatet i eit stortingsval.

Piratpartiet står sterkast i Sør-Trøndelag, der partiet fekk 6,6 prosent av stemmene i skulevalet. I Akershus fekk partiet 5,6 prosent.

Miljøpartiet Dei Grøne gjorde også eit godt val, men kom ikkje over 4 prosent i skulevalet. Dei enda på 3,7 prosent. I Oslo fekk partiet 6,9 prosent av stemmene.

Usikker på kva du vil stemma? Prøv valgomaten vår!

– Stemte for privatisering
Tysdag var tredjeklassingar ved Time og Bryne vidaregåande skular på debatt i regi av Framtida.no og Garborgsenteret. Ida Gulliksen og Helene Telle på VG3 på medium og kommunikasjon ved Time vidaregåande stemte begge i skulevalet rett etterpå.

Helene Telle var enno usikker då me snakka med henne.

– For meg blei det Høgre, seier Ida Gulliksen. Ho har nettopp meldt seg inn i Unge Høgre.

– Tidlegare haldt eg meg mest på den sosialistiske sida, men etter å ha jobba i to år har eg byrja å lika Høgre. Framstegspartiet blir for ekstremt for meg.

Ei av hjartesakene hennar er privatisering.

– Det er mykje på grunn av helsekøane, seier ho, og meiner helsekøane vil bli mindre om ein bruker private klinikkar i større grad.

Les siste nytt frå valkampen her!

I

Ingrid Garborg og Ida Sund leia den politiske debatten på Garborgsenteret tysdag. I panelet sat Hallgeir Langeland (SV), Eirin Sund (Ap), Geir Pollestad (Sp), Tina Bru (H) og Solveig Horne (Frp).

Faktaboks

Resultata frå skulevalet – landsoversikt:

Ap: 23,2 % (-6,6)
SV: 5,1 % (+0,1)
Raudt: 3,7 % (+0,1)
Sp: 4 % (-1,0)
KrF: 2,9 % (-0,6)
V: 6,6 (0,2)
H: 28,3 % (+4,2)
Frp: 15,6 % (-0,9)
MDG: 3,7 % (+2,3)
Piratpartiet: 4,3 %

Sjå alle resultata her!

Så mange representantar ville partia fått om det hadde vore resultatet i eit stortingsval:

H: 53 
Ap: 46
Frp: 28
Ventre: 11
SV: 9
Piratpartiet: 8
Senterpartiet: 7
MDG: 3
KrF: 2
Raudt: 2