– Oi! Snakkar DEI om politikk!?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politikk er ikkje noko som berre høyrer heime på tv-skjermen eller Stortinget. Det blir snakka om det i friminutta og på fritida.

– Det er fleire gonger eg har blitt overraska over kor mange som snakkar om politikk. Av og til tenkjer eg berre – oi, snakkar dei også om politikk, seier Lene Flataker frå Ørsta på sisteåret i medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande.

Klassekameraten Elias Storøy frå Herøy fortel at han har fleire diskusjonar med kameratane sine om politikk.

– Er det heftige diskusjonar?

– Det er litt begge deler. Eg har ein kompis på den kommunistiske sida, og då kan det bli litt diskusjon, ja, seier Elias og smiler.

– Det er kjekt med politikk generelt, seier Lene Flataker.

– Kva er det som er kjekt med politikk, då?

– Er det så rart? Det er no me kan stemma på kven som skal styra landet.

– Kva er det som står på spel på valdagen 9. september?

– Det er fleire plassar på sjukehus. Mange folk hamnar på gangen på sjukehuset her. Elles ventar eg framleis på det varme måltidet i skulen. Det hadde vore bra å fått. Det er litt dyrt på kantina i dag, seier Lene Flataker.

Privatliv på nett
Den viktigaste saka for Sivert Hjelle er privatliv på internett. Han vil endra både på datalagringsdirektivet og andsverkslova. At all datakommunikasjon blir lagra i eit halvt år, og kan hentast ut på den minste mistanke, meiner han er heilt feil.

– Venstre får pluss i margen hos meg for å stå opp mot dette. Det er veldig smart av dei å gjera det fordi dei då når ut til mange på min alder, seier han.

LES OGSÅ: Politikarpjatt på nett

– Høyrer ikkje på oss
Lene Flataker har vore medlem i ungdomsrådet i Ørsta i to år, og håpar på å vera med eitt år til.

– Eg følgjer med i politikken. Eg blir jo litt tvinga til det gjennom vervet, men no når eg er inne i det, er det blitt kjekkare, seier ho.

– Me har mykje me skulle ha sagt. Mest er det lokale saker me uttalar oss om. Men me blir ikkje høyrt. Eg trur ikkje dei høyrer på oss, seier Lene Flataker.

Ho er medlem i Unge Høgre, men no er ho ikkje sikker på kva ho vil stemma. Ho er skuffa over at den høgrestyrte kommunen fleire gonger har føreslått å leggja ned ungdomsklubben Kaihuset.

– Eg skal gje opp Høgre, og finna ut meir om Arbeidarpartiet. Uansett trur eg ikkje det er mogleg å finna eit parti ein er 100 prosent einig med, seier ho.

– Eg hadde kanskje passa betre i AUF. Eg ser no på om eg er meir samd med Arbeidarpartiet enn Høgre.

Ho er talsperson for ungdommane på huset, og gått i spissen for demonstrasjontog for tilbodet. Huset er førebels opent, men ho er ikkje sikker på framtida til huset.

Ho har lese noko av partiprogrammet til både Høgre og Arbeidarpartiet.

– Det er litt utmattande, vedgår ho.

– Eg tek i mot alt av brosjyrar og slikt som eg får av partia. Ein må jo vera litt frampå, og finna ut kva ein skal stemma, seier ho. Førebels er det dei største partia ho lese mest om.

Hjartesakene hennar er helsestasjon for unge, eldreomsorg og arbeid. I tillegg til Kaihuset, sjølvsagt. Kven som er statsminister er ho mindre opptatt av.

Usikker på kva du skal stemma? Prøv valgomaten vår!

– Eg vil ha Jens
– Eg vil ha Jens, seier Elias Storøy. Han veit kva han skal stemma, og gler seg til å stemma for første gong.

– Eg er fornøgd med slik det er i dag, og måten politikarane styrer landet, seier han. Det blir Arbeidarpartiet på valdagen 9. september.

– Kva saker er viktigast for deg?

– At Noreg held seg slik det er i dag. Skule er ei veldig viktig sak og helse og sjukehus. Og Noreg er berekraftig.

– Berekraftig på kva måte då?

– Både når det gjeld økonomi og miljø.

Elias Storøy har gjort grundig arbeid for å finna ut kva han skal stemma.

– Eg har lese alle partiprogramma, bortsett frå KrF.

Elles ser han litt på nyhenda på tv, og prøver å følgja med så godt han kan.

Les siste nytt om valkampen her!

Faktaboks

Valdeltaking blant unge mellom 18 og 21 år:

2009: 57 %
2005: 56 %
2001: 55 %
1997: 59 %
1993: 65 %

Les intervju med fleire førstegongsveljarar her!

Les meir om valet på Wikipedia og Allkunne!