Nei til søndagsopne butikkar
I ei ny meiningsmåling seier 51 prosent av dei spurde nei til søndagsopne butikkar. Men fleirtalet er knapt, 45 prosent ønskjer å kunne shoppe heile veka.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nei til søndagsope
Lovverket i dag set ei grense for kva for butikkar som kan ha ope på søndag. Berre daglegvarebutikkar under 100 kvadratmeter – såkalla Brustad-buer – og utsal som sel planter og hageartiklar, har lov til å ha søndagsope.
LES OGSÅ: – Viktigare enn nokon gong
Fleirtal for i storbyar
Målinga som Norstat har utført for Vårt Land, viser at eit knapt mindretal vil la alle butikkar, uansett storleik, ha ope heile veka.
Mange tilhengarar av søndagsope bur i byar med over 50.000 innbyggjarar, på mindre stader er det fleirtal mot søndagsopne butikkar. Samtidig er det dei over 40 år som er mest imot, medan dei yngre seier ja.
Berre Høgre og Frp har eit fleirtal for søndagsopne butikkar blant veljarane sine, og kvinner er meir negative til tanken enn menn.
LES OGSÅ: Ein av tre butikkar selde alkohol til mindreårige
Slutten for søndag som fridag?
Også arbeidsgjevarorganisasjonar som Coop og NorgesGruppen har tidlegare uttrykt skepsis mot søndagsope. Leiaren i Handel og Kontor, Trine Lise Sundnes, meiner ei lovendring kan bety slutten for søndag som fridag for heile samfunnet.
Linda Hofstad Helleland (H) frå Høgre meiner at enten må alle kunne halde ope, eller ingen. Anders Anundsen frå Frp meiner at det å fjerne eit forbod, ikkje er det same som å tvinge nokon til å halde ope på søndagar.