Spår 40 prosent fleire pendlarar
Hordaland fylkeskommune ser for seg ei 40 prosent auke i dagpendlarar innan 2030. Størst vert pendlinga til og frå Bergen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fleire pendlarar i 2030
I fjor var det over 56.000 dagpendlande arbeidarar i vestlandsfylket. I 2030 vil talet på pendlarar i fylket vere over 76.000, ifølgje rapporten frå Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskomme.
LES OGSÅ: Regjeringa vil ha ferjefri E39
5,6 millionar fleire turar
Tek ein med pendlarar som kjem utanfrå fylket vil det vere 95.000 pendlarar i fylket i 2030, dersom utviklinga fortset som i dag.
I 2012 stod dagopendlarar i Hordaland for kring 14,2 millionar arbeidsreiser. Med ei fortsett auking i pendlarar vil talet på reiser auke dramatisk. 15.300 fleire hordalendingar som pendlar til jobb nesten kvar dag, vil ta bety ei auke på rundt 5,6 millionar reiser i året.
LES OGSÅ: – Ferjefri E39 vil skapa problem i utkantane
Størst trafikk til og frå Bergen
Prognosen tek ikkje høgde for korleis pendlinga vil verte med endra infrastruktur i fylket.
– Til dømes vil nye bruer, tunnelar eller lyntog kunne føre til nye eller forsterka pendlingsstraumar mellom regionar, seier hovudforfattar Lasse Kolbjørn Anke Hansen, rådgjevar i Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Regionalavdelinga.
Den største trafikken ventar ein seg inn og ut av Bergen.
– Det er mogleg for politikarar og andre å styre utviklinga i ei anna retning om ønskeleg. Ein kan for eksempel stimulere fleire til å busette seg i same region som dei arbeider, seier Anke Hansen.