Fargerik skiverevolusjon

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debuterer i Vogue

Ho blir samanlikna med Ingrid Espelid av forlagssjefen i Samlaget Håkon Kolmannskog. På same måte som Espelid revolusjonerte norsk matlaging og var ein pioner på TV, har Ida Skivenes starta ein aldri så liten skiverevolusjon, med frukostkunsten sin på biletedelingssida Instagram.

Der følgjer over 140 000 menneske frukostkunsten hennar frå dag til dag, og mange av dei både kommenterer bileta og lagar sine eigne versjonar av kunsten hennar.

LES OGSÅ: – Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare

Eit tilfeldig eventyr
Det var denne enorme interessa som førte til at Samlaget i mars tok kontakt og spurde om ho ville gje ut bok. Under eit halvt år seinare er boka her, både på norsk og på engelsk. Leik med maten! Kreativ frukost for store og små heiter den norske versjonen, medan den engelske har fått namnet Eat you art out. Begge bøkene er smekkfulle med bilete og oppskrifter, så alle no kan lage like lekre skiver som Skivenes sjølv.

Dobbeltutgjeving på norsk og engelsk er det ikkje mange som opplever. Korleis kom du eigentleg hit?

– Det starta heilt tilfeldig då eg blei medlem av Instagram, seier Ida.

– Eigentleg var det for å vekke liv i den gamle fotointeressa mi, men så hadde eg sett nokon andre som haldt på med matkunst og eg tykte det så gøy ut, så eg lagde nokre variasjonar av det dei hadde laga. Då fekk eg så god respons at eg tenkte det var noko eg måtte halde fram med, fortel ho.

Etter det har det teke av. På berre eit år har Skivenes frå Skiveneset i Hyllestad blitt ei av dei mest kjende norske matkunstnarane, både i innland og i utland. Ho har fast spalte i ei rekke norske og internasjonale aviser og tidsskrift og har i tillegg vore intervjua både på frukosttv til BBC og er no i september med i britiske Vogue.

Ein skulle tru det låg ein lang karriere bak, med årevis med planlegging og arbeid. Men noko stort kunsttalent visste ikkje Ida at ho var, før ho starta med matkunsten tilfeldigvis for eit år sidan.

– Eg har aldri vore god til korkje å teikne eller måle, så det var jo utruleg flaks når det synte seg at eg var god til dette, ler ho.

LES OGSÅ: – Låner faretruande lite nynorsk

Smak og estetisk behag
Det er utsjånaden til skivene hennar som har vekke beundring verda rundt. Likevel klarar vi ikkje å la vere å lure: Er det viktig for ho at skivene skal smake godt òg, eller er utsjånaden det einaste ho bryr seg om?

– Smaken er heilt klart viktig, seier Ida, og startar med å forklare korleis ho arbeider når ho skal skape eit nytt verk.

– Ofte byrjar det rett og slett med at eg lurer på kva eg skal ha på skiva, og så får eg ideen derfrå. Ein dag hadde eg til dømes utruleg lyst på ei skive med peanøttsmør og banan, og så plutseleg slo det meg at det måtte vere bli ei apeskive, fortel ho.

Det varierer likevel litt mellom dei forskjellege skivene kor mykje smaken har å seie.

– Eg har òg laga ei serie med skiver som er reproduksjonar av kjende kunstverk, som Munch sitt skrik eller Frida Kahlo sitt sjølvportrett, og desse er både meir tidkrevande å lage og meir  meint til å sjå på enn å ete, iallfall samanlikna med dei andre skivene, fortel ho.

– Men elles er kunsten min brukskunst, og eg er oppteken av at han skal bli brukt. Atlså ete, ler ho.

LES OGSÅ: Usunn mat kan gi born angst

Satsar for fullt på kunsten
Sjølv om det berre er eit år sidan ho først starta å med matkunst markerer kokeboka eit viktig skilje i karrieren hennar: Første august gjekk ho nemlig ut i eit års permisjon for å arbeide med matkunst på heiltid.

For eit år sidan hadde ho aldri drøymd om at ho kom til å ta pause frå jobben for å satse som kunstnar.

– Det er veldig overraskande, og ikkje noko eg hadde planlagt eller som var føremålet. Eg gjer det fordi det er gøy, ikkje for å bli millionær, seier ho.

Nytt blir det òg når ho i haust flyttar frå Oslo til Berlin, noko som på ingen måte vil setje stoppar for kunstverksemda.

– Det er jo det fine med skiver, seier ho.

– Dei kan ein lage kvar som helst!