Løftar folkedansen i Telemark

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målsetjinga er å løfte fram den lokale dansetradisjonen og rekruttere ungdom til eit ensemble som kan vise fram folkedansen som del av eit profesjonelt dansefelt.

LES OGSÅ: Vinn fram med folkemusiken

Erfarne leiarar
Ingrid Heieren frå Jølster og Bjørnar Blaavarp Heimdal frå Numedal, har ansvar for prosjektet. Dei har erfaring frå både folkedans, musikk og prosjektleiing.

– Eg var sjølv med i eit tilsvarande prosjekt i Sogn og Fjordane, og veit kor bra prosjektet er. Etterpå har eg tatt utdanning i folkemusikk frå akademiet i Rauland og Noregs musikkhøgskule. No ser eg fram til å nytte kunnskapen min for musikken og dansen i Telemark, seier Ingrid Heieren i ei pressemelding. Ho er tilsett som prosjektleiar i full stilling.

Bjørnar Blaavarp Heimdal er prosjektmedarbeidar i halv stilling. Han har vore med i fleire av Frikar sine danseoppsetjingar og reiser landet rundt som frilans dansar og dansepedagog.

– Eg har gode band til Telemark, og har jobba mykje med dans i fylket. For dei som er interesserte i dans eller scenisk arbeid, så er prosjektet ein gylden sjanse til å dyrke interessene sine. Det er også eit prosjekt for dei som ikkje kjenner folkedansen frå før, seier Heimdal.

Musikken får ein sentral plass i prosjektet. Utan musikk, ingen dans. Ungdom som spelar folkemusikk vil få tilbod om å vere med.

LES OGSÅ: – Pimp bunaden din

Lokale krefter med
Bygda dansar er eigd og drive av Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret i Trondheim. Prosjektet har i dag eit omfang på 3,3 millionar koner og vert finansiert over Rff-sentret sine løyvingar frå Kulturdepartementet og bidrag frå Telemark fylkeskommune.

Prosjektet samarbeider med lokale folkemusikkaktørar, lag og institusjonar, i tillegg til andre lokale og nasjonale kulturinstitusjonar. Bygda dansar er landsdekkjande og vert gjennomført fylkesvis. I Telemark skal prosjektet vare frå hausten 2013 til våren 2016.