– Les det du har lyst til!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skjønnlitterær bok har du lese som har påverka det politiske standpunktet ditt eller verdiane dine i størst grad?
– Eg les i utgangspunktet ikkje for å få direkte politisk input, men gode bøker seier likevel noko om samfunnet eller mennesket, sjølv om dei slett ikkje behøver å vere politiske den forstanden.

– Ingen farar, ingen fridom
Kva døme på slike bøker finst det?
– Ei bok som verkeleg påverka meg var Aldous Huxleys Brave New World. Ho handlar om eit framtidssamfunn kor alt er sterilt og planlagt, og kor ingen reelle farar eigentleg eksisterer, og dermed heller ingen fridom.

Er det noko spesielt du vil trekke fram frå denne romanen?
– Det er ein fantastisk samtale i boka, mellom ein som blir kalla The Savage (villmannen) som lever utanfor gjerda til den trygge, sterile verda, og Mustapha Mond, som er ein slags diktator.

– The Savage krev retten til å vere sjuk, til å døy, til å lide, til å svelte – fordi han forstår at berre dersom dette er ei moglegheit vil han òg kunne vere fri, utbroderer han.

Skeptisk til overvakingsteknologi
Korleis har du som politisk person hatt høve til å påverke relevante politiske prosessar på det tematiske feltet som boka handlar om?
– Boka diskuterer jo på sitt vis utviklinga av teknologi, kanskje særleg overvakingsteknologi, men ho tek òg opp den aukande medisineringa på stadig fleire område.

– Overvakingsteknologi meiner eg vi bør vere svært skeptiske til, nettopp fordi den einskilde bør ha rett til eit privatliv. Medisinering er litt vanskelegare. Det er sjølvsagt bra at vi kan behandle meir, men samstundes er det kanskje eit faresignal viss til dømes små born blir medisinert i stadig større grad for psykiske problem, meiner Røe Isaksen.  

For mange unge veljarar framstår kanskje det å lese ei skjønnlitterær bok som både irrelevant og lite spanande. Korleis skal unge bli inspirert til å lese?
– Les det du har lyst til! Viss du likar bilar, les om bilar. Viss du likar magi, les om magi. Viss du likar mote, les om mote, seier stortingspolitikaren frå Høgre.

– Så kan du heller lese ein av dei store klassikarane når du har tid og lyst, avsluttar han.

Faktaboks

Torbjørn Røe Isaksen

  • Alder: 35
  • Parti: Høgre
  • Fødestad: Ålesund
  • Utdanningsbakgrunn: Mastergrad i Statsvitskap frå UiO
  • Visste du? Vart i 2007 kåra til "Noregs største unge politiske talent" i VG.