KrF raudgrøne på landbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF raudgrøne på landbruk

 Respons Analyse har gjort ei meiningsmåling blant 500 stortingskandidatar på oppdrag frå Norsk Landbrukssamvirke og Norges Bondelag.

LES OGSÅ: – Løna hindrar rekruttering til landbruket

 

Vil oppretthalde støtteordningane
På spørsmål om tema som støttenivå, auka matproduksjon, bondeinntekt, reguleringar og tollvern står KrF fjernt frå dei andre på den borgarlege sida, skriv Nationen.

Ni av ti KrF-kandidatar seier seg einige med dei raudgrøne partia i at dei offentlege støtteordningane til landbruket minst bør vere på det nivået det er i dag. I Høgre er berre to av ti for, mens berre éin av ti Frp-politikarar meiner det same.

LES OGSÅ: Fetrar og kusiner mistar odelen

Venstre med kuvending
På spørsmål om Noreg bør halde fram med å regulere matproduksjonen, svarer ein like stor del KrF-arar som raudgrøne ja. Seks av ti i Venstre og fire av ti Høgre-kandidatar meiner det same. I Frp er talet under 10 prosent.

– Undersøkinga viser at Venstre har gjort ei kuvending og gått frå den gamle linja der dei støtta opp om landbruket. Det er KrF som blir jokeren, men det blir tøft for partiet å påverke dette, meiner direktør Egil Petter Stræte i Bygdeforskning.

Kristeleg Folkepartis Ungdom seier at dei gjerne ser Senterpartiet i ei borgarleg regjering, ettersom dei ser nokså likt på landbruks- og distriktspolitikken.