Kampen om dei unge stemmene

OPEN DEBATT i Bergen og på Bryne: Kva bør stemmeretten brukast til?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei veke før valet inviterer Framtida.no politikarar til å kjempe om dei unge stemmene, og DU kan vere med å stille spørsmåla. Debatten blir arrangert for å feire at det er 100 år sidan stemmeretten for kvinner blei innført.

Politikarane skal fortelje kvifor unge skal stemme på dei. Vi vil sjå kven som har dei beste svara på spørsmål som:
• Korleis skal norsk skule bli verdas beste?
• Korleis skal vi få ein bustadmarknad der folk har råd til å bu?
• Er likestillinga gått for langt, eller har vi enno ting å kjempe for?
• Korleis kan demokratiet utvidast?
… og mykje meir. I debatten blir det òg opna for spørsmål frå salen, noko som tyder at du kan avgjere kva spørsmål politikarane skal svare på.

Det heile er sjølvsagt GRATIS!

BERGEN

TID: 2. september klokka 1900
STAD: Litteraturhuset i Bergen (rommet Alver)

Meld deg på Facebook-hendinga!

DESSE KJEM:
Framstegspartiet: Helge Andre Njåstad
Høgre: Erik Skutle
Venstre: Mathias Fischer
Kristeleg folkeparti: Emil Andre Erstad
Miljøpartiet dei grøne: Ingrid Ophaug Dahl
Arbeidarpartiet: Jette Christensen
Senterpartiet: Alexander Fosse Andersen
Sosialistisk Venstreparti: Gina Barstad
Raudt: Marte Teigen

BRYNE:

TID: 3. september klokka 1200
STAD:
Garborgsenteret

DESSE KJEM:
Framstegspartiet: Solveig Horne
Høgre: Tina Bru
Senterpartiet: Geir Pollestad
Arbeidarpartiet: Eirin Sund
Sosialistisk Venstreparti: Hallgeir Langeland

Debatten på Bryne blir arrangert i samarbeid med Nasjonalt Garborgsenter. Elevar frå Bryne vidaregåande vil leia debatten.