Politikarpjatt på nett

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Raudt og Ap er best på nett

– Heimesida til KrF appellerer lite til ungdom. Det er for mykje tekst til at me skal bli interesserte, seier Elias Storøy og Verene Isabell L. Hustad.

3. klasse i medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande har testa heimesidene til partia på oppdrag for Framtida.no.

LES OGSÅ:Tungt lesestoff

– Oversiktleg og kjedeleg
Peder Helset og Bjarte Bjørkedal har sett på partiet Høgre sine heimesider. Dei får ikkje lyst til å lesa meir om politikken deira.

– Det er veldig formelt og kjedeleg, og appellerer lite til ungdom, seier Peder Helset. Banneret på sida er det verste dei har sett nokon gong.

Dei fleste partia har oversiktlege nettsider, ifølgje elevane. Miljøpartiet Dei Grøne har dei minst oversiktlege sidene, og får også dårlegast karakter i testen. Raudt får best karakter, og har veldig oversiktlege nettsider, ifølgje medieelevane. Også Arbeidarpartiet får skryt for å ikkje bombardera folk med for mykje tungt lesestoff med det første.

LES OGSÅ:Det dette eigentleg handlar om

– Kutt ut pjattet!
Konsulentbyrået Netlife Research har også sett nærmare på partia sine nettsider, slik dei også gjorde ved stortingsvalet i 2009.

Konklusjonen den gongen var at partia hadde rotete, kjedelege og lite prioriterte heimesider. Heller ikkje år er det mange som imponerer.

– Den viktigaste funksjonen til ei partiside er å formidle standpunkta sine kjapt, enkelt og konkret til usikre veljarar. I tillegg må terskelen for å bidra være så låg som mogleg for støttespelarar, forklarar nettekspert Are Gjertin Urkegjerde Halland i Netlife Research til Framtida.no.

– Begge formåla krev tøff prioritering. Dei må kutte ut pjatt og politikarpreik, og tora å spissformulera standpunkt i enkeltsaker. Landingssidene må i tillegg vera mest mogleg synlege frå Google-søk.

 – For å nå ungdomen er nok sosiale medium som Youtube, Twitter og Instagram vel så viktige kanalar som nettsidene. Men desse krev autentisk deltaking frå sendar, og gjerne på kreative måtar slik som Jens sitt taxi-stunt. Framstøyt i sosiale medium bør òg knytast til gode landingssider på nettsidene, seier Halland, som har jobba med strategi og innhald på nett i 15 år.

LES SISTE NYTT FRÅ VALKAMPEN!

– Ulne og vasne tekstar
– Det mest forstemmande er at samtlege parti har såpass ulne og vasne tekstar på undersidene for enkeltsaker. Innhaldet er i stor grad presentert som nyheitssaker, som er den kanskje minst eigna måten å formidla standpunkt til veljarar som er innom i full fart.

Det er også svært varierande kor lett det er å finne fram til standpunkta, og Halland trekker fram Høgre sine sider som døme:

– Skal eg velja menyvaletPolitikken vår, Høgre sine hjertesaker, Høgre sine løysingar ellerKva meiner Høgre om for å finne politikken til Høgre? Eller må eg kanskje laste ned appen for å få vite det? spør han.

VALGOMAT: Usikker på kva du skal stemma? Prøv partitesten vår!

– Arbeidarpartiet best
Arbeidarpartiet har ei tydeleg prioritert framside og gjer det meste rett. Proffe bilde og proff bruk av video trekker også opp, meiner Are Gjertin Urkegjerde Halland.

Han gjev Miljøpartiet Dei Grøne ros for å vera prioriterte og tydelege, men nokre av tekstane er lite lesbare med grønt på grønt og mykje bruk av store boksavar.

Venstre har like godt to nettsider. Den eine er prioritert og bra, den andre er slapp og nyheitsfokusert.

– Bestem dykk, Venstre! ber netteksperten.

Heilt på botnen kjem Senterpartiet og KrF med rotete og ufokuserte sider, som attpåtil er uleselege på mobil, ifølgje Are Gjertin Urkegjerde Halland.

Kva for ei av partinettside likar du best? Skriv meininga di i kommentarfeltet!

Faktaboks

3. klasse i medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande har testa heimesidene til partia. Dei gjev desse terningkasta:

Ap: 4
FrP: 4
H: 4
KrF: 4
MDG: 2
R: 5
Sp: 3
SV: 4
V: 3+