Collett som e-bok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Collett som e-bok

Denne utgåva skriv seg frå 1854-1855, og er ifølgje Det norske språk- og litteraturselskap – som nyutgir ho i samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Kulturrådet – nærast som «ein ny roman» å rekne.

LES OGSÅ: I kvinnekampens fotspor

Originalen meir samfunnskritisk
For den utgåva som har dominert marknaden, har vore den sterkt tilarbeidde 1879-utgåva, som Collett sjølv stod for. Dette har ifølgje forordet i boka ført til «ein viss skeivskap i forståinga av debutromanen hennar,» blant anna ved at han har ein svakare samfunnskritisk tendens enn førsteutgåva, heiter det.

LES OGSÅ: Takk for at de har gjeve oss ei stemme!

Collett-jubileum
«Amtmandens Døttre» blir utgitt som gratis e-bok på nettstaden bokselskap.no. I tillegg til den tekstkritiske utgåva blir det også lagt ut ei parallellvising, der ein kan sjå første- og tredjeutgåva side om side.

Camilla Collett-forskar Kristin Ørjasæter har også skrive ei ny innleiing, medan Nasjonalbibliekets forskingsbibliotekar Ellen Nessheim Wiger er ansvarleg for forklarande kommentarar til teksten og for det filologiske arbeidet.

Førsteutgåva blir utgitt som e-bok i høve 200-årsjubileet for Colletts fødsel.