Vil ha far i fokus på lik linje med mor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er for gale i Norge

Det er kombinasjonen student/nybakt far som er utfordringa. Erstad og kona er begge studentar, og foreldre til vesle Noah Leander (6 mnd). Økonomisk er det slett ikkje nokon enkel situasjon.

– Problemet er at heile permisjonen er knytt til mor, og når ho ikkje er i jobb, får ein ingenting. Systemet i Norge er lagt opp slik at ein ikkje skal kunne få barn før ein er ferdig utdanna. Det er ikkje slik det skal vera, seier Erstad, som er politisk nestleiar i KrF, og studerer samanliknande politikk.

LES OGSÅ: Først pappaperm – så fagbrev

I husstanden Erstad er altså begge dei vaksne studentar. Mor i huset, Kristin, får mammapermisjon i eit år med støtte frå lånekassen. Men pappa, han får altså ingenting, med unntak av dei 35.000 dei to fekk i eineutbetaling i samband med fødselen.

– Studentar lever trongt økonomisk som det er, og at ikkje studentfedrar skal få noko som helst, vert heilt feil. Vi i KrF vil kjempa for pappapermen, og utvida denne til dei gruppene som i dag ikkje får noko, også. Vi kjem til å gå for ei skikkeleg utbetaling, noko slikt som 2G i folketrygda, for eksempel, seier Erstad til Nh.

LES OGSÅ: Flertall for å beholde fedrekvoten

Han peikar på at det under den raudgrøne regjeringa har vorte langt fleire fattige barn i Norge.

– Vi ønskjer at det skal fødast barn i Norge. Det er veldig viktig. Difor treng vi ein god og offensiv familiepolitikk, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes, som no i valkampen er mykje rundt på stands saman med Erstad.

Erstad poengterer at Norge har veldig høge aborttal.

– Ein veldig trist ting med dette er at mange oppgir dårleg økonomi som hovudårsaka til aborten. Det er for gale i Norge, seier han.

LES OGSÅ: NHO-sjefen ber kvinner jobbe mer