– Meir lønnsamt å nave enn å jobbe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Meir lønnsamt å nave

I Noreg går no rundt 28.000 personar under 30 år på arbeidsavklaringspengar frå Nav. Mange ungdommar får fleire tusen kroner meir utbetalt frå Nav enn det dei ville fått i ein jobb, ifølgje NRK.

Nav-direktør Terje Tønnesen i Telemark, det fylket som har flest unge uføre, innrømmer at han forstår at det er umotiverande å få meir pengar for å vere heime enn i jobb.

– Det skal ikkje vere slik, dette gir eit dårleg signal. Samtidig må ein sjå på dette både på kort og lang sikt. Dersom ein kjem seg inn i arbeidslivet, vil det på lang sikt lønne seg å jobbe, understrekar han.

LES OGSÅ: – NAV-brukarar nakne i møte med staten

Tønnesen meiner det må setjast inn fleire førebyggjande tiltak og har tru på at individuell motivasjon og rettleiing er det som vil vere mest effektivt.

Også arbeidsministeren meiner at systemet ikkje skal vere lagt opp slik at det lønner seg å vere heime i staden for å få seg ein jobb.

– Det er heilt uakseptabelt og det er ikkje slik systema våre skal fungere, seier Anniken Huitfeldt (Ap). Ho understrekar at regjeringa i årets statsbudsjett har varsla at ho vil gå gjennom individstønaden.

LES OGSÅ: – Uføretrygd går i arv

Høgres Torbjørn Røe Isaksen, som sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, reagerer sterkt.

– Det blir mektig hult at ein arbeidsminister frå eit parti som har styrt i åtte år seier at slik skal det ikkje vere, for dette har ein hatt åtte år på å gjere noko med, seier han. (©NPK)