– For det fyrste har dei ein velferdsstat utan olje

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil læra av olje- lause Sverige

– Me vil ha høghastigheitstog på strekninga Stockholm- Oslo, og på sikt også til København, seier Lorentz Tovatt, talsperson Grön Ungdom, som er på vitjing til sitt systerparti i Noreg.

LES OGSÅ: – Dei store partia tek dyrevelferd lite seriøst

Oslo-Stockholm med tog
Tovatt peiker på at talet på folk som flyr er aukande, både i Noreg og Sverige og at høghastigheitstog vil løna seg samfunnsøkonomisk på sikt, sjølv om det er ei stor investering.

Hallvard Surlien i Grøn Ungdom er einig og meiner at det er viktig å ta ansvar for at folk får moglegheita til å reise miljøvenleg over lengre strekningar.

Surlien meiner Noreg har mykje å læra av Sverige.

– For det fyrste har dei ein velferdsstat utan olje, seier Surlien, som også meiner Miljøpartiet Dei Grøne kan lære mykje av sine svenske brør. MDG vil på sikt avvikla oljeindustrien i Noreg.

LES OGSÅ: – Søler olje på kvinnekampen

Miljøparti med asylpolitikk
Den grøne bølgja starta tidlegare og er komen lenger i Sverige enn her heime. Miljöpartiet de Gröna fekk ei oppslutning på 7,3 prosent ved førre riksdagsval, noko som gjer dei til Sveriges tredje største parti.

Magda Rasmusson, talsperson i Grön Ungdom ser parallellar mellom årets norske stortingsval og neste års riksdagsval i Sverige.

– Me skal inn i regjering og stengje Sverigedemokratarna ute, på same måte som Miljøpartiet i Noreg må stengje Framstegspartiet ute, seier Rasmusson, som spesifikt tenkjer på dei to partia sin innvandringspolitikk.

Ho meiner at Noreg, saman med resten av Europa har eit ansvar for å opne grensene for flyktningar.

– Sjå berre på kva som skjer i Syria. Flyktningar må få lovlege vegar inn i Europa, istaden er det slik at Hellas og Tyrkia stengjer grensene.

Grön Ungdom haldt ein appell på standen til Miljøpartiet Dei Grøne medan dei var på vitjing. Dei skal også vere med på valtorg.

LES OGSÅ: – Skap den grøne blokka no

Rushtidsavgift frå Sverige til Noreg
Rasmusson har ikkje noko enkel oppskrift på kvi Miljöpartiet de Gröna har lukkast så godt i Sverige, men meiner at dei har lukkast i å få gjennomslagskraft for viktigheita av ei berekraftig utvikling, samstundes som dei er ein tydeleg motpol til innvandringskritiske politikarar.

Miljøpartiet i Sverige har fått gjennomslag for fleire av sine saker. Lorentz Tovatt er særleg nøgd med å ha innført utslippsavgifter, samt rushtidsavgift i Stockholm og Göteborg. Dette går også deira norske systrer og brør inn for i partiprogrammet sitt.

– Rushtidsavgifta i Sverige vert ofte nytta som eksempel på eit transportpolitisk tiltak som verkar, seier Surlien.