Ap vil kvotere inn kvinner som sjefar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap vil kvotere inn kvinner

– Kvinner skal ha moglegheita til å bli toppleiarar, seier Helga Pedersen til Klassekampen.

To veker før valet flaggar nestleiaren vedtaket til partiet frå landsmøtet i mai, der likestillingsløftet kom inn i programmet som eitt av punkta partiet går til val på:

* 40 prosent av leiarane på dei øvste nivåa i staten skal vere kvinner. Om nødvendig kan kvotering brukast for å sikre kvinnedelen.

* Bruke eigarmakta til staten for å sikre 40 prosent kvinnedel i konsernleiinga til statseigde selskap.

* Gi menn tilleggspoeng når dei søkjer seg til helse- og omsorgsfag eller barnehagelærarutdanning.

I dag er det påbode med 40 prosent kvinner i styra til alle børsnoterte selskap. No vil Ap at kvoteringa frå styrerommet også skal gjelde toppleiarane.

– Eg nektar å tru at kvinner gjennomgåande er dårlegare kvalifiserte enn menn til å vere toppleiarar. Problemet er at menn i praksis blir kvoterte inn i dag, seier Ap-nestleiar Helga Pedersen.

– Det handlar djupast sett om valfridom. Kvinner skal ha moglegheita til å bli toppleiarar på lik linje med menn, og menn skal ha moglegheita til å skape framtidas barnehagar og omsorgssektor på lik linje med kvinner, seier ho

I første omgang vil Ap innføre ei målsetjing om 40 prosent kvinner i toppleiinga både i staten og i dei statlege selskapa. Blir ikkje målet følgt opp, lurer kvoteringsriset bak spegelen.

– Vi er opne for å bruke kvotering om det er nødvendig, men det er ikkje det einaste verkemiddelet vi har, understrekar Pedersen. (©NPK)

Kva synest du om forslaget?