Her er det flest tilsette i staten
Troms er det fylket i Noreg med flest statstilsette i høve til folketalet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her er det flest byråkratar
I 2012 var det 2.860.000 jobbar i Noreg. 290.000 av desse er i statsforvaltninga. Dette utgjer 10 prosent av alle jobbar.
Av kommunane er det Leikanger i Sogn som har flest statstilsette.
Kvar fjerde statleg stilling i hovudstaden
Nesten 70.000 av dei statlege jobbane er i Oslo. Dette inneber at omtrent éin av fire statlege jobbar er i Oslo. Det er langt fleire enn i neste fylke på lista som er Hordaland. Kvar tiande statlege arbeidsplass er i det mest folkerike av vestlandsfylka. Vidare på lista følgjer Sør-Trøndelag og Akershus. Færrast statlege arbeidsplassar er det i Aust-Agder, Sokn og Fjordane og dessutan Finnmark.
Mest vanleg å jobba i staten i Troms
Av alle sysselsette i Troms jobba 18 prosent i statsforvaltninga i 2012. Dei neste fylka der det er høg del statlege arbeidsplassar, er Oslo med 15 prosent og Sør-Trøndelag med 14 prosent.
Rogaland har lågast statleg del av arbeidsplassar med berre 6,5 prosent. Møre og Romsdal og Buskerud har òg få statlege jobbar.
Store kommuner har over fire gonger flere statstilsette per 1 000 innbygarar enn små kommunar, viser statistikken.
Leikanger, Bardu og Kvitsøy toppar likevel statistikken, om ein ser det i forhold til folketalet.
Faktaboks
Desse kommunane har flest statstilsette per innbyggjar:
Leikanger
Bardu
Kvitsøy
Førde
Lørenskog
Målselv
Tromsø
Tjeldsund
Fedje
Tønsberg