– Språkleg mangfald gjev språksterkt folk

Dei vil styrke undervisinga og ha nynorsk inn i riksavisene. Her kan du lese korleis det gjekk då RU og SU blei stilt til veggs av Norsk Målungdom.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjev eit språk- sterkt folk

Kristoffer Olai Stavseng er nestleiar i Norsk Målungdom. Då han fekk velje seg ut to parti å utfordre på målpolitikk velde han seg Sosialistisk ungdom og Raud ungdom. Dei sette generalsekretærane sine på saka, Mina Finstad Berg (SU) og Marie Sørhaug (RU) – og sendte sjølvsagt svara på nynorsk. 

LES MEIR: Til veggs om asylborn

Norsk Målungdom: – Om de kjem i regjering, kva vil vere dykkar viktigaste tiltak i arbeidet for å oppnå reell jamstilling mellom nynorsken og bokmålet?

Sosialistisk Ungdom:– Noko av det viktigaste vi kan gjere er å framleis ha ein offensiv skule-, kultur- og mediepolitikk i offentleg regi. Reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål treng offensive politiske tiltak, vi kan ikkje stole på at marknadskreftene gjer jobben. Om vi fjernar dei offentlege styringsverktøya i samfunnet tømmer vi verktøykassa for å drive offensiv språkpolitikk, og dermed mogelegheita til reell jamstilling.

– Vi vil også styrke sidemålsundervisninga, fordi reell jamstilling begynner i skulen. Vi vil ha betre tilgang til tekstar på nynorsk for barn og unge. Til dømes vil vi at hovudregelen skal vere at filmar har teksting på begge målformer, slik at ein kan velje sjølv. Dei digitale verktøya som blir brukt i skulen må vere tilgjengelig på begge målformer, og nynorsk må bli ein større del av den språklege kvardagen til elevane.

Raud Ungdom: – Vi vil inn på Stortinget for å vere talerør for folkelige rørsler, til dømes målrørsla. Ein kan ikkje likestille noko som ikkje er likt, derfor må vi løfte fram nynorsken for å likestille mellom språka. Likestilling krev at alle kan bokmål og nynorsk, og det krev fleire tiltak. Viktige tiltak er å betre undervisninga på skolen.

– Til dømes kan ein nytte nynorsk i fleire fag enn bare i norskfaget (slik vi har sett positive resultat av ved Holmlia skole i Oslo), starte sidemåls- opplæringa tidligare samt betre opplæringa i sidemålspedagogikk og -haldningar på lærarstudie. Alle læremidla må komme samtidig på alle målformer og til same pris, og at alle framandspråklege skal få norskopplæring på nynorsk i nynorskkommunar.

LES MEIR: Til veggs om norsk skule

Norsk Målungdom: – Kva tiltak vil de gjere for å stimulere riksavisene til å oppheve dei redaksjonelle nynorskforboda sine?

Sosialistisk Ungdom:– Det er uhaldbart at riksavisene ikkje tillèt nynorsk på redaksjonell plass. Også journalistar skal ha rett til å bruke hovudmålet sitt på arbeidsplassen. Språkleg mangfald gjev eit språksterkt folk, og språkleg mangfald også i riksavisene vil vere ei styrke.

– For å stimulere riksavisene til å oppheve dei redaksjonelle nynorskforboda vil vi knytte momsfritak og pressestøtte opp til om dei tillèt journalistane å bruke begge målformene. Staten skal ikkje finansiere språkleg diskriminering.

Raud Ungdom: – Raud Ungdom meiner at media speler ei særskilt viktig rolle i kampen for reell språklig likestilling, og vil stimulere til meir nynorsk i alle media. Nasjonale aviser må oppheve forbodet sitt mot nynorsk, elles vil dei miste momsfritaket.

– Om ein skal vere ei riksavis vil det vere naturlig å krevje at både nynorsk- og bokmålsbrukarar kan nytte målet sitt i redaksjonen.

Norsk Målungdom: – Kva vil de gjere for å støtte og vitalisere urfolksspråka og dei historiske minoritetsspråka i Noreg?

Sosialistisk Ungdom: – For det fyrste må vi kjempe mot fordommar knytt til samar og  folk som tilhøyrer dei nasjonale minoritetane. Vitalisering av urfolksspråk og minoritetsspråk heng saman med om ein føler stoltheit eller skam over å tilhøyra desse språklege minoritetane. Det er viktig at desse språka er tydeleg til stade i offentlegheita, slik at dei er ein naturleg del av det norske språkmangfaldet. Framover er det særleg viktig at urfolks- og minoritetsspråk blir synlege i media og på nettet, slik at det blir lettare å møte dei ofte og slik få opp ferdigheitene i språka.

– God kommuneøkonomi, velferdstilbod og infrastruktur i heile landet gjer at det framleis går an å bu i dei områda der t.d. samisk og kvensk står sterkast. Det gjer det enklare med målretta tiltak for å styrke desse språka.

Raud Ungdom: – Også her ligg mykje av svaret i utdanning. Lovfesting av retten til samiske læremiddel. All utdanning skal ta opp samiske spørsmål og samiske perspektiv innanfor det fagområdet ein tar utdanning i. Alle i Noreg, uansett etnisk bakgrunn, skal ha rett til å velje samisk som fag. Alle vaksne som har mista moglegheita til å lære samisk på grunn av fornorskingsprosessen må få mogleigheita som vaksen.

– I tillegg vil vi styrkje det samiske barnehagetilbodet, auke andelen av norsk, samisk og kvensk folkekultur, romanikultur i media og auke støtta til samisk media.

LES MEIR: Ambisiøs handling, ikkje fagre ord
 

Norsk Målungdom: – På kva måte vil de påverke slik at nynorsken vert styrkt i privat sektor?

Sosialistisk Ungdom: – Ved å fornye nynorskundervisninga betrar vi haldningane til nynorsk i heile landet, slik at vi senkar terskelen for å bruke det i næringslivet. For å få til det må opplæringa bli betre og meir relevant for elevane. Elevane må møte begge målformene tidleg i skulegangen og nynorskkompetansen hjå lærarane må styrkjast.

– Vi må også vere flinke til å trekkje fram gode døme på bedrifter som bruker nynorsk som ein del av merkevarebygginga, til dømes Lerum. I tillegg må dei offentlege etatane gå føre og vise god målbruk i tråd med mållova. Om vi vil ha meir nynorsk i privat sektor, må vi i alle fall sørgje for at det offentlege gjer sin del av jobben.

Raud Ungdom: – Ved å stille krav om at du skal få svar på den målforma du skriv, uansett om du skriv til offentlig eller privat sektor. Med betre kjennskap til nynorsk i heile folket vil også nynorsken verte styrkt i privat sektor, som ein konsekvens av at alle kan nynorsk betre. Det er positivt at LO, som landets største arbeidstakarorganisasjon, har komme med i kampen med vedtaket frå sin kongress om språklige rettar.

LES MEIR: Nynorsken blir viktig i valet

Norsk Målungdom: – Korleis synleggjer de nynorsken i dykkar eige parti?

Sosialistisk Ungdom:Vi har Noregsmeistaren i mållagsverving, Oddny Miljeteig. I tillegg har vi i år hatt ei eige nynorskgruppe som har jobba med høyringssvar til den nye norskplanen, der eg og fleire andre nynorskforkjemparar har delteke. Og sjølvsagt har vi både løpesetlar og arbeidsprogram på begge målformer. 

Raud Ungdom: – Vi har til dømes eit vedtak om nynorskkvotering i vårt medlemsblad, alle grunndokument på begge målformer og målfolk i alle ledd i organisasjonen vår. Ikkje minst heiter vi Raud Ungdom på Instagram! Mykje har skjedd ubevisst, vi har ein medlemsmasse der mange ser verdien av nynorsk – men det er alltid meir ein kan gjere.

LES MEIR: – Signal om at nynorsken er uviktig