Færre brev i Posten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Posten tapar pengar

Posten hadde eit resultat før skatt i andre kvartal på minus 95 millionar kroner, mot minus 278 millionar kroner i same periode året før. Den største utfordringa er at færre sender brev.

LES OGSÅ: Laurdagsposten viktig i distrikta

Fleire pakkar
Samtidig fraktar Posten meir pakker og gods, blant anna som eit resultat av auka handel via internett. Driftsinntektene auka i perioden frå 5,6 milliardar kroner til 5,8 milliardar kroner.

I ein kommentar til resultatet seier konsernsjef Dag Mejdell at det framleis er fall i mengda brev og ein sterk konkurranse i logistikkmarknaden.

– Talet på brev har falle med nærare 40 prosent sidan 2000. Den digitale utviklinga gjer at kundevanane endrar seg raskt i vår bransje, seier konsernsjefen.

LES OGSÅ: Stel frå postkassane

Mindre brev, aviser og reklame
I første halvår fall mengda brev 6 prosent samanlikna med same periode i fjor. Brev frå bank, forsikring og avisene står for den største nedgangen i år, men også tala for aviser og uadressert reklame gjekk ned.