Flest svenske ulvar døde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser DNA-testar utført av Rovdata, den nasjonale overvakinga av bestandstal, skriv Nationen.

Kartlegginga Rovdata og prosjektet Skandulv gjer av ferdselsmønsteret til radiomerkt ulv viser at norske ulvar dreg mot Sverige, medan svenske ulvar trekkjer mot vest.

LES OGSÅ: Senterpartiet vil ha fri ulvejakt

Vil ha nordisk samarbeid
Miljøpolitisk talsmann i Senterpartiet Erling Sande meiner dette mønsteret viser at det er behov for ei sterkare fellesnordisk forvalting av rovdyrstammen.

– Nordisk forvalting i stort monn har vore Sp-løysinga lenge. Vi undrar oss over at engasjementet for det ikkje har vore større. Dyr bryr seg ikkje om landegrensene, seier Sande.

At ingen av dei felte ulvane kom frå dei norske ulvesonane, betyr ikkje at norsk rovdyrpolitikk fungerer, understrekar han.

– Du må hugse at talet ulv er monaleg større i Sverige. Det blir for enkelt å seie at svenskeulven er problemulv, medan norsk ulv er snill og grei.

LES OGSÅ: Valde sauepass føre studierelevant jobb

To millionar sauer
Ifølgje Rovdata var det vinteren 2012 mellom 56 og 64 ulvar i Noreg.

Norske sauebønder hevdar rovdyr drap 130 sauer kvar einaste dag her i landet i fjor. Til saman 47.300 sauer og lam vart innrapportert som drepne av rovdyr i 2012. I Noreg går rundt to millionar sauer på beite.