Sterk vekst i salet av e-bøker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ei svært gledeleg utvikling. Både talet på brukarar og omsetnad peikar i same retning, seier direktør i Den norske Forleggerforening, Kristenn Einarsson til Dagsavisen.

LES OGSÅ: Færre e-bøker enn venta

1,6 prosent e-bøker
Avisa fortel at Forleggjarforeininga arbeider med ei ny undersøking om e-bøker som skal vera ferdig i september. Men allereie no er det altså klart at salet av e-bøker breier om seg.

Digitale e-bøker står no for 1,6 prosent av marknaden for skjønnlitteratur og generelle utgjevingar. Til samanlikning var denne delen i fjor berre på 0,4 prosent.

LES OGSÅ: E-bøker til fleire folkebibliotek

Forlaga heng etter
– Sjølv om tala framleis er små totalt sett, er den relative auken svært kraftig. Det verkar som om det kjem til 50.000 nye brukarar av e-bøker kvart halvår, seier Einarsson.

Han meiner likevel at forlaga heng etter og berre er halvvegs til målet om 10.000 titlar dette året. 

LES OGSÅ: Grytten og Kalvø på e-bok