Sensasjonelle funn i Sogn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er heilt spesielt i skandinavisk samanheng. Også andre funn er heilt unike.

– Dette er nesten ikkje til å tru, seier Christopher Prescott, professor og arkeolog, som har leia utgravingane dei siste tre vekene.

LES OGSÅ: Løser stølsmysterium

Ny utgraving
Prescott leia også utgravingar i Skrivarhelleren i 1984, då det også vart gjort ein del unike funn, slik som dei eldste metallfunna i Noreg.

– Men det syner seg at me berre har pirka i overflata. Her er metervis med kulturlag frå yngre steinalder og oppover. Dei mange kulturlaga vitnar om at det har vore stor aktivitet her, og mykje folk sidan ein del av avsetjingane har skjedd over kort tid.

LES OGSÅ: Noregs eldste boge

Eldste samling
Det er enorme mengder materiale som Prescott og teamet hans har grave fram i løpet av dei siste vekene. Her er funn av bein frå sel, pelsdyr, rein, bevertenner, berggylte, sild, laksefisk og funn av blåskjel og muslingar. Det er funne perler som er laga av skjel, ei massiv øks i bronse og naglehovud frå dolk eller spyd. Ved Skrivarhelleren er det også gjort dei eldste funna av bein frå tamdyr i heile Skandinavia.

Saka var først publisert i Sogn Avis.