Forskarar har lenge meint at det finst eit enormt hav under isoverflata til Europa, og nyare undersøkingar tyder på at islaget er tynnare enn ein har trudd før. I mars fann amerikanske forskarar teikn på at havet rett og slett er saltvatn, og at det er gode sjansar for at vatnet når opp til overflata gjennom sprekker i isen.
– Europa er det staden i solsystemet vårt, utanom Jorda, der det er størst sannsyn for å finna liv i dag. Eit landingsoppdrag vil vera den beste framgangsmåten for å sjå etter teikn til liv, seier hovudforfatter Robert Pappalardo til NASA, ifølgje NRK.no.
QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?
Forskarane har kome fram til tre hovudmål for eit eventuelt landingsoppdrag:
• Å undersøkja overflata som ikkje er dekt av is på minst to ulike djupner for å studera samansetninga.
• Geofysisk kartlegging av Europa, målingar av islag og hav ved hjelp av seismologiske undersøkingar.
• Landa eit fartøy på Europa, slik at overflata kan undersøkjast i ein menneskeleg skala.
– Viss menneske ein dag sender ein robot til Europas overflate, må vi vita kva skal sjå etter og kva slags verktøy og instrument vi treng, seier Pappalardo.
LES OGSÅ: Han har gjort verdsrommet kult igjen
– Kan truleg bu der
Forskarane meiner det godt kan tenkjast at det kan gå an å bu på Europa. Det finst vatn der med nok kjemisk aktivitet, ei energikjelde og råmateriale for biosyntese.
«Den noverande vitskaplege innsikta vår tilseier at Europa truleg er mogleg å bu på i dag, og at den truleg har vore mogleg å bu på gjennom mesteparten av historia til solsystemet», heiter det i rapporten.
Les fleire saker om verdsrommet her!