Kitlar engasjementet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er det skremmebilete à la røykpakkar som skal til for at me skal få gjort noko med klima-saka? Og kvifor svingar det meir av lokalpolitikken enn av det som skjer på Stortinget?Førstegongveljarane Torborg Aas frå Erfjord og Heine Mo Willig frå Sand tenkte høgt med avisa ein føremiddag.

Usikker på valet? Prøv partitesten vår!

Heine Mo Willig og Torborg Aas kan begge stemma for første gong i år, men det er ikkje stortingspolitikken som engasjerer mest. Men uansett om den pågåande valkampen ikkje vekkjer den store begeistringa hjå nokon av dei; Heine aktar heilt klart å stemma, og han veit også kven som skal få hans stemme. – Heilt sjølvsagt for meg, eg må jo passa på så ikkje feil folk får styra, gleipar sandbuen. Hans førstegongskollega, Torborg Aas, er ikkje like overtydd, verken om ho verkeleg skal stemma eller kven det i så fall blir.

  – Eg er eigentleg nøgd slik me har det. Det er nok lettare å engasjera seg når ein ikkje er det, erkjenner erfjordjenta som tilstår at ho ikkje har sett seg hardt inn i partiprogramma. – Men eg får med meg ein del i aviser og på radio.

Les saka Suldalsposten!

Les siste nytt frå valkampen her!