Spelte fotball på 1300-talet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heilt tilbake i 1320 vart det spelt fotball i Hollesley i Suffolk i England, skriv Mediavalists.net. Nyleg oppdaga rettsdokument dokumenterer ein fotballkamp alt i mellomalderen, sjølv om ein ikkje vart einig om reglane før over 500 år etterpå.

LES OGSÅ: Vil ha mindre fotball

Speleforbod
I 2010 vart det funne ei rekkje gamle rettsdokument frå den lokale retten i Suffolk, i desse har John Ridgard funne bevis til artikkelen: «Suffolk’s Earliest Football Match at Hollesley in 1320 (in Whitsuntide Week ?)»

Den mest omfattande teksta frå rettsdokumenta fortel om ein kamp laurdag 14. juni 1320. Det står at fire par menn var med i blodege angrep under kampen. Dei involverte hadde vore med i fleire slike kampar, og for dette vart dei straffa med bøter tilsvarande ein arbeidars dagslønn.

Grunnen til at mennene vart bøtelagd var at spelet vart forbode av Kong Edvard i 1314, fordi det var for valdeleg.

LES OGSÅ: Falturiltu satsar på fotball og bøker

Ueinig om reglane
Ein har lenge vore einige om at britane skal ha æra for den europeiske fotballen. Den typen fotball dei fleste nordmenn speler i dag stammar frå 1800-talet, då britane fann ut at dei ville standardisera reglane for ballspelet, som hadde vorte svært populært rundt om på skulane. Mykje ueinighet om dei felles reglane resulterte i skipinga av The Football Association (FA) i 1863.

LES OGSÅ: Fotball-EM på nynorsk

Oftast venskapskampar
Kampen i Suffolk er den tidlegaste forma for fotball ein veit om. Det var eit lagspel, spelt med beina og ein ball. Ofte spela dei på eit eige jorde til føremålet, gjerne nær den lokale kyrkja.

Ifølgje Ridgard var kampane ofte venskapelege, men det kan og vere snakk om rivaliserande grupper. Kanskje var det ein kamp der laga Hollesley og Ramsholt spelte mot kvarandre og hadde kvar sine barar eller vertshus som basar, meiner mellomaldereksperten.

LES OGSÅ: Målpris til Sogndal Fotball

Kvinnene kom etter
Nesten 700 år seinare er fotball den største og mest populære sporten i verda, både når det kjem til publikumstal og utøvarar. Men ei side av fotballen slit framleis litt med oppslutninga. Kvinnefotball vart ikkje vanleg før etter første verdskrig, då fleire kvinner var yrkesaktive. Kvinnefotball vart forbode av The Football Association i 1921, og vart ikkje anerkjend av FIFA før i 1970.