«1000 opne hagar» landet over
På søndag kan du gå i framande hagar over heile landet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein dag i året arrangerer Det norske hageselskap «1000 opne hagar». I alle landets 19 fylker opnar hageelskarar hagane sine for framande den 18. august. Ei fullstendige lista over kven som vil ha hagevitjing kan du sjå her.
LES OGSÅ: Endre (25) styrer eksotisk øy i Ryfylke
Humlevenleg eller økologisk?
På sidene kan ein trykke av for om ein leiter etter ein privat hage, offentleg hage, humlevenleg hage eller ein såkalla Majobo-hage. Majobo er ei grasrotrørsle for økologisk landbruk og i desse hagane finn ein etande plantar saman med dei som berre skal nytast visuelt.
Dette er tredje året Hageselskapet arrangerer «1000 opne hagar». Med arrangementet ynskjer dei å spreie inspirasjon og hageglede, samt at erfarne hageeigarar kan dele litt av sin kunnskap. Det er ekstra mange hagar opne denne søndagen, men òg elles i året kan ein finne informasjon om opne hagar på Hageselskapets nettsider.