Det er vanskeleg å få tak i vertsfamiliar til utanlandske utvekslingsstudentar i Noreg, meiner organisasjonane som formidlar kontakt.

NPK-NTB
NPK-NTB

Dei siste åra har om lag 250 norske ungdommar årleg reist til utlandet gjennom den største utvekslingsorganisasjonen i verda AFS. Samtidig har organisasjonen kvart år berre klart å skaffe vertsfamiliar til om lag 150 utanlandske utvekslingsstudentar som kjem til Noreg, skriv Klassekampen.

– Det er eit paradoks. Vårt formål er å drive utveksling, og vi skulle gjerne tatt imot fleire, seier kommunikasjonsansvarleg Gunhild Sølvberg.

Ungdommane som kjem til Noreg gjennom AFS er både frå Europa, Sør- og Nord-Amerika, New Zealand og Asia. Flest kjem det frå Italia og Thailand, ifølgje Sølvberg.

LES OGSÅ: Utvekslingsstudentar i USA

Hjarterommet aukar ikkje med velstanden
Ho meiner det er blitt vanskelegare å finne nok vertsfamiliar dei siste åra. Same inntrykk har organisasjonen Youth for understanding, som sender om lag 100 norske ungdommar ut i verda årleg, men som ikkje klarer å skaffe vertsfamiliar nok til å ta imot meir enn 50 utanlandske ungdommar.

– Det er ingen andre land som slit like mykje med å finne vertsfamiliar som vi i Noreg, trass i at nordmenn har god plass heime, har korte arbeidsdagar og mykje fritid samanlikna med folk flest i andre land, seier generalsekretær Heidi Furustøl.

Dei to organisasjonane opplyser at dei vanlegaste årsakene til at folk takkar nei til å vere vertsfamiliar, er praktiske omsyn som plass og tid. Furustøl konstaterer at hjarterommet ikkje aukar i takt med velstanden her i landet.

LES OGSÅ: Utfordrande utveksling

Beskrivelse: http://www.ntb.no/images/t.gif
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

ANNONSE