Tilbyr sofaen til huslause studentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når staten ikkje gjer nok, må ein ta saka i eigne hender, seier Gabrielle Legrand Gjerdset, leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo.

Ho er ei av mange som no tilbyr sofaen til studentar som manglar tak over hovudet.

Det er velferdstinga i Oslo, Bergen og Trondheim som har teke initiativ til kampanjen, med namnet #Ledigsofa.

– Me såg behovet for å kome med eit akutt tiltak for dei som har fått studieplass, men som ikkje har nokon stad å bu. Kanskje vil kampanjen føre til at nokon vert verande i byen framfor å gje opp, seier leiar for Velferdstinget i Oslo og Akershus, Tone Vesterhus.

LES OGSÅ: Over 14.500 i kø for studentbustad

Mange ledige sofaar
Sjølv om kampanjen fortsatt er i startfasen har velferdstinga allereie fått mykje respons frå studentar med ledig sofakapasitet.

– Foreløpig har me ikkje fått så mange henvendingar frå studentar som vil sove på sofa, men me har fått mange svar fra dei som vil låne ut. Me vonar at fleire huslause studentar tek kontakt når bodskapen spreiast vidare, seier Vesterhus.

LES OGSÅ: Student og på bustadjakt

Stiller med eigen sofa
Vesterhus har sjølv bidrege til kampanjen ved å stille sin eigen sofa til disposisjon.

– Det ville nesten vore dumt om eg var med på å fronte kampanjen, utan at eg stilte opp sjølv. Sofaen min er ledig frå i kveld til i morgon. Det vert kanskje nokre fleire dagar seinare òg, seier studentpolitikaren.

Vesterhus oppmodar så mange som mogleg til å delta på kampanjen.

– Eg vonar erfarne studentar hugsar korleis det var å være ny i Oslo. Det kan vere skremmande, og eg vonar at dei er viljuge til å dele litt for at nokon skal få det litt enklare, seier studentleiaren.

Les saka i Universitas.